NRK Meny
Normal

Vil ha nye reglar for kattehald

Sommaren er høgsesong for dumping av kattar. No vil dyrlege Hanne Husebø Kristensen i Florø ha nye reglar for kattehald.

Hanne Husebø Kristensen

REGELENDRINGAR: Dyrlege Hanne Husebø Kristensen vil ha regelendringar, til dømes påboden ID-merking, for å få slutt på dumping av kattar.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Torsdag vart to forkomne kattungar funne dumpa i ein konteinar på Storebru i Flora kommune. Dagen etter vart ein anna kattunge funnen i vegen på Vassenden. Dyrlege Hanne Husebø Kristensen i Florø er oppgitt over at folk ikkje klarer å ta vare på dyra sine.

– Det viser dessverre omfanget av problemet. Både mengda dyr det gjeld og kor mange som dessverre kvitar seg med kattar på denne måten, seier Husebø Kristensen.

Ho meiner problemet er delvis skjult fordi Dyrebeskyttelsen gjer ein stor jobb og brukar mykje ressursar på å hjelpe desse kattane. No vil dyrlegen ha regel- og haldningsendringar.

– Dette er eit problem vi må ta tak i ved å setje reglar, krav og påbod for det å ha katt. Det mest konkrete er å innføre påboden ID-merking, slik at dyreeigarar tenkjer over ansvaret sitt.

– Har prøvd å få haldningsendringar

Anne-Johanne Bjordal frå Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane er einig i at kastrering og ID-merking er viktige tiltak for å få færre heimlause kattar.

– Dersom folk hadde kastrert og ID-merka dyra sine hadde vi nesten ikkje trengt å vere til. Store delar av den jobben vi gjer er for dei heimlause og forvilla kattane, seier ho.

Anne-Johanne Bjordal

HALDNINGSENDRINGAR: Anne-Johanne Bjordal i Dyrebeskyttelsen seier dei i fleire år har prøvd å skape betre haldningar til dyrehald.

Foto: Privat

Ifølgje Bjordal har Dyrebeskyttelsen i fleire år prøvd å setje fokus på kastrering og ID-merking. Sjølv om folk har vorte betre på dette, er det framleis eit stort problem at kattar vert etterlatne. Også ho trur at lovendringar kan hjelpe.

– Vi har prøvd så godt vi kan å få til haldningsendringar. Det er mange som meiner at det burde vore ei lovendring også, og det hadde vore kjempebra.

Bjordal fortel at sommaren er høgsesong for Dyrebeskyttelsen, sjølv om talet på etterlatne dyr varierer frå år til år. Ho peikar også på at det er mange dyr dei aldri får høyre om.

– Det er også store mørketal. Det er heilt tilfeldig at dei kattane som har vorte funne dei siste dagane faktisk har vorte funne.

Bør ha høgare pris

Fredag vart ein kattunge funnen i vegen på Vassenden. Katten vart teken hand om av fôrvert Aina Mikkelsen. Ho meiner det er tydeleg at dette ikkje er ein vill katt.

– Katten er tydeleg tam, og ikkje ein katt som er fødd på den plassen den vart funnen.

Mikkelsen har teke hand om fleire heimlause kattar i si tid som fôrvert.

– For det første tenkjer eg det bør vere ein høgare pris på kattar, slik at folk får katt fordi dei har lyst på det og ikkje berre tek ein fordi dei er gratis.

Vegopning på Bergum i Førde kommune