Hopp til innhold

Vil ha ny hall i Florø

Florø må få fart på bygginga av ein treningshall, det seier Høgre-politikarane Arlene Vågene og Hanne Husebø Kristensen til Firdaposten. Barn og unge har blitt prioritert når treningstidene i Florahallen har blitt fordelt, noko som mellom anna har ført til at Friskis og Svettis ikkje har fått halltid og har lagt ned tilbodet sitt. – Dette har vore eit lågterskeltilbod for alle, så noko må gjerast, meiner Høgre-politikarane i kystbyen.