Hopp til innhold

Vil stoppe Fjord1-salet

Motstandarane og mindretalet i fylkestinget gir seg ikkje, og jobbar for å krevje ny behandling i fylkestinget av Fjord1-salet.

Hilmar Høl fryktar politisk spel om Fjord1

OMKAMP: Fylkesleiaren i Arbeidarpartiet leitar med lys og lykter for å få omkamp av salet av Fjord1.

Foto: Montasje / NRK

– Vi vurderer å fremje saka på nytt med heimel i Kommunelova. Ein tredjedels fleirtal kan krevje dette, for saka er blitt såpass krevjande og ting går så utruleg fort no, seier Hilmar Høl som er fylkesleiar i Ap.

1/3 av representantane kan krevje å få samla fylkestinget til ekstraordinært møte. Men ein må likevel skaffe 2/3 fleirtal om ei skal fatte vedtak i ei sak som ikkje står på saklista.

Arbeidarpartiet tapte kampen mot Fjord1-sal i fylkestinget. Men kampen er ikkje nødvendigvis over.

Minoritetseigaren protesterer

Med 16 mot 15 røyster, sa fylkestinget i Sogn og Fjordane førre måndag ja til å selje Fjord1. Trafikkselskapet Torghatten får 29,5, prosent av reiarlaget, og innan 2019 skal dei overta fylket sine 59 prosent.

Minioritetseigar Per Sævik og hans Havilafjord har varsla søksmål fordi dei meiner seg forbigått. Mindretalet i fylkestinget krev at fylkesmannen granskar salet. Men måndag kunne NRK melde at salsavtalen alt er signert.

Saka har ein karakter at ein faktisk ikkje har noko val når ein har gjort eit sånt vedtak.

Jenny Følling

– Venstre har vore kritisk til graden av hemmeleghald og prosessen her lenge, seier Gunhild Berge Stang, gruppeleiar for Venstre.

– Hastevedtak, meiner Venstre

NRK har ikkje fått kontakt med alle som røysta mot sal, men 13 av 15 står bak kravet om lovlegkontroll. I Venstre stiller gruppeleiaren seg undrande til det ho kallar hastverk.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

SIKRA SEG: Fylkesordførar Jenny Følling seier fylkeskommunen har sikra seg ved om utfallet av ein lovlegheitskontroll skulle bli negativ.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ganske spesielt at dei har valt å pushe gjennom salskontrakten der begge partar har vore vel vitande om at det i fylkestinget vart varsla lovlegheitskontroll, og ein risiko for at vedtaket kan bli vurdert til å vere ugyldig. Det er lite respektfullt overfor fylkestinget som demokratisk arena og beslutningsarena.

Fylkesordførar Jenny Følling avviser at ein har hatt hastverk.

– Det er gjort eit lovleg fatta vedtak og då må det følgjast opp. Saka har ein karakter at ein faktisk ikkje har noko val når ein har gjort eit sånt vedtak.

Har sikra seg for lovlegkontroll

Fylkesordføraren seier dei har tatt høgde for lovlegkontrollen som skal behandlast av Kommunal- og moderninseringsdepartementet.

– Der har vi tatt inn ei setning i avtalen for å unngå at fylkeskommunen får problem i forhold til Torghatten om utfallet av lovlegheitskontrollen skulle bli negativ. Då har fylkeskommunen rett til å ikkje gjennomføre avtalen, så det er tatt høgde for.

Ifølgje Følling tek avtalen også atterhald om at oppkjøpet må godkjennast hos Konkurransetilsynet.

– Avtaler er bindande

Skulle ein likevel – utan lovlegkontrollen i ryggen – velje å fremje saka på nytt for fylkestinget, og få fleirtal for å trekkje seg frå salsavtalen, må ein rekne med søksmål. Det trur jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen.

Hans Fredrik Marthinussen

GYLDIG AVTALE: Hans Fredrik Marthinussen er jusprofessor ved Universitetet i Bergen.

– Når ein har inngått ei bindande avtale på bakgrunn av eit gyldig vedtak og at administrasjonen har fått dei nødvendige fullmakter, så har ein forplikta seg.

– Avtaler er like forpliktande for fylkeskommunar og kommunar som for alle oss andre som inngår avtaler, så når avtalen først er inngått er ein rettsleg sett bunden. I utgangspunktet så vil ein kunne og truleg bli dratt for domstolen. Då må ein i alle fall klart føre seg dei økonomiske konsekvensane viss ein bryt ei slik avtale.

Over alle støvleskaft

Hilmar Høl trur det kan vere naturleg å avvente utfallet av ein ein lovlegkontroll

– Det ser eg kan vere ein naturleg konsekvens. Avtalen vil bli sendt til fylkesmannen torsdag slik at den vil bli fortløpande behandla der.

Aps Himar Høl ser bort frå likevel ikkje at dei kan krevje saka tatt opp att , sjølv om ein skulle risikere søksmål.

– Det er ein konsekvens av ein prosess som vi føler har gått over alle stølveskaft, og ikkje minst i forhold til den medverking og innverknad eit fylkesting skal ha i ei så viktig sak.

– Så ser vi at det er fallgruver i denne saka som gjer at vi er komme i ein situasjon som vi ikkje heilt veit konsekvensane av. Det skulle også styrke ei oppattaking av saka for vi må få fram alle moment.