NRK Meny
Normal

Vil ha ny delfinale neste år

MGP-arrangør Per Øyvind Helle vil jobbe for å få lagt delfinalen i Melodi Grand Prix til Florø også neste år.

Per Øyvind Helle, Roy Austbø og Anne Rimmen

OVERSKOT: Arrangøren, Per Øyvind Helle, til høgre, satsar på ny delfinale neste år.

Etter årets delfinale sit arrangørselskapet Hipp Hipp Flora att med eit overskot på 100 000 kroner.

- Vi hadde jo eit budsjett på 3,2 millionar kroner og hadde rekna med å gå i balanse. Difor er ekstra kjekt å gå 100 000 kroner i pluss, seier Per Øyvind Helle.

- Det viktigaste med MGP for oss var at arrangementet ga to tilsette fullt arbeid i eit halvt år.

Hovudet på blokka

Helle gjekk også inn med personleg risiko i prosjektet, og er difor ekstra glad for resultatet.

- Vi fekk jo ikkje lønn frå andre plassar, så på den måten la vi hovudet på blokka då vi arrangerte MGP.

- Vi går i pluss fordi vi er flinke, og har hatt flinke folk rundt oss.

Med seg på laget fekk Helle Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Flora kommune og andre kommunar. Saman stod desse for vel ein tredel av finansieringa. Større lokale bedrifter finansierte ein tredel.

- Den siste tredelen kom frå publikumsoppmøte, forklarar Helle.

(Artikkelen held fram under biletet)

MGP i Florø

FULLT HUS: Nesten 3000 personar var til stades under delfinalen i Flora Idrettsenter.

Foto: Rune Fossum

Fekk kritikk

Fylkeskommunen fekk kritikk for å løyve pengar til arrangementet.

Helle meiner det er naturleg at nokon var kritiske.

- På linje med alle andre store kulturarrangement i fylket må ein rekne med at ikkje alle er samde i prioriteringa frå politikarane, seier Helle.

- Når de gjekk i pluss, hadde de trengt støtta frå Fylkeskommunen?

- Jo, sjølvsagt gjorde vi det. Som sagt er det eit veldig risikofylt arrangement, der det også er lagt ned mange timar dugnadsarbeid.

-Det hadde vore umogleg å gjennomføre utan så gode medspelarar som vi har hatt.

Ringverknader

I forkant av arrangementet var det mange som var skeptisk til effekten av det å arrangere ein delfinale. Fleire sette spørjeteikn ved om marknadsføringa av Flora og Sogn og Fjordane ville vere verd pengane.

Krf var ikkje nøgde med bileta som vart vist frå kystbyen.

(Artikkelen held fram under biletet)

MGP i Florø

VERTAR: Per Sundnes og Anne Rimmen losa publikum gjennom delfinalen.

Foto: Rune Fossum

Helle meiner dei lukkast også der.

- Eg er veldig godt fornøgd med den samfunnsmessige og marknadsmessige effekten av MGP.

Fleire delfinalar?

No håpar MGP-arrangøren i Florø at det vert fleire delfinalar.

Når ein har arrangert ein finale har ein opsjon på å kunne arrangere to til, dersom politikarane støttar det.

-Vi held på med ein rapport til både fylkeskommunen, sponsorar og kommunar. Ut i frå den håpar vi sjølvsagt å realisere to år til med MGP-finalar i fylket.

-Vi er så overbegeistra over det vi har klart å få til, at vi søkjer om ein ny omgang delfinale, seier Helle.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.