Hopp til innhold

Neste helg satsar dei på å ta ein heilt spesiell rekord

Neste søndag møter Stryn sitt damelag Verdal på Stryn stadion. Då har dei ikkje berre som mål at dei skal ta poeng. Dei vil også setje ny publikumsrekord for damekampar i Norge.

Stryn sitt damelag

KAN DEI JUBLE? Neste søndag håpar damelaget til Stryn på publikumsrekord. Då må 513 ta turen for å sjå kampen mot Verdal.

Foto: Stig Høynes / NRK

– Vi skal vere den seriekampen for damer som har best publikumsbesøk i år, seier styreleiar i Stryn Fotball, Torstein Tvinnereim.

For at Stryn skal kunne smykke seg med tittelen, må dei slå dagens rekord som står etter kampen Grand Bodø mot Klepp.

– Der kom det 512 tilskodarar. Det betyr at vi må minst ha 513 for å ta rekorden. Då får damelaget til Stryn og Sogn og Fjordane det høgaste besøkstalet på ein damekamp i år, seier Tvinnereim.

På tre dagar har 200 sagt at dei kjem

Difor er mobiliseringa i full gang. For til vanleg er det ikkje akkurat trongt på tribunen når damelaget til Stryn spelar kamp.

– Viss vi seier at det er om lag sju prosent av 512 til vanleg, så ligg det omtrent der. Men vi tek sats, seier Tvinnereim.

Mobiliseringa har allereie starta på Facebook.

– I løpet av tre dagar nærmar vi 200 personar som på Facebook seier at dei skal komme. Og det er trass alt ikkje alle som er der, seier Tvinnerheim.

Stryn kommune har vel 7.200 innbyggjarar. Om lag 3.000 av desse bur i Stryn sentrum.

– 513 er jo ein del, men det er mykje ein kan få til berre ein vil det nok, seier Tvinnereim.

Er ei skikkeleg fotballhelg

Han har tru på at dette er innanfor rekkjevidd.

– I Stryn har vi veldig mykje som det ikkje skulle gå an å få til, men så har vi klart det likevel. Så dette trur eg går, seier Tvinnereim.

Han lovar langt meir enn berre fotball til dei som tek turen på stadion.

– Vi skal lage eit skikkeleg arrangement. Damekampen er på søndag, men dette er ei fantastisk fotballhelg. Laurdag er det det store lokaloppgjeret i 3. divisjon for herrar mellom Stryn og Eid, seier Tvinnereim.

Difor er håpet fulle tribunar både laurdag og søndag.

– Det blir underhaldning og musikk, og vi skal også trekkje ut vinnarar på billettane, seier Tvinnerheim.

Til og med fotballpresidenten har sagt seg villig til å bidra.

– Han har sagt at han skal skaffe cupfinalebillettar som vi skal få lodde ut på billettane. Vi har også noko meir på lur. Så det er eit positivt trykk i Stryn på at vi skal klare dette, seier Tvinnereim.

Viktig for framtidig rekruttering

Damelaget til Stryn rykte opp i 2. divisjon i fjor, men har hatt ein litt småtung sesong med mykje stong ut.

– Motstanden vart nok litt for hard. No har dei nesten klart å få poeng og vinne dei siste kampane, men så har det enda med 0-1-tap. Dette er siste sjanse til å få poeng i 2. divisjon, og då både trur og håpar eg at Stryne-bygda og også andre møter opp for å heie dei fram, seier Tvinnereim.

Sjølv om damelaget kjem til å rykkje ned att i 3. divisjon, peikar Tvinnereim på at å få ein publikumsboost betyr noko meir på lang sikt.

– Både for dei jentene som spelar og for dei jentene som kjem etter betyr dette mykje. Det er viktig at desse jentene får oppleve ein damekamp som gjer at dei vert inspirerte til å satse vidare, seier Tvinnereim.

Han meiner dette kjem til å bli ein folkefest det vil gå gjetord om.

– Klarar vi publikumsrekorden, så er det ikkje lenger: Kor var du då Brå braut staven? Då er det: Kor var du då Stryn sette publikumsrekord i Norge i 2014? Det å ikkje ha vore der då, trur ikkje eg vil vere noko kjekt, seier Tvinnereim med eit smil.