Hopp til innhold

Vil ha nasjonalt vindkraftsenter

I dag får Enova i Trondheim presentert kva Sogn og Fjordane har og kan tilby innan vindkraft til havs.

Slik kan det sjå ut 25 nautiske mil utanfor Stad.

Illustrasjon

Foto: Vestavind

Det er Måløy Vekst, Vågsøy kommune og fylkeskommunen som i dag presenterer planane om eit nasjonalt senter for utvikling av offshore vindkraft.

To pilarar

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

Alfred Bjørlo i Måløy Vekst seier at planen for senteret byggjer på to pilarar.

- Det eine er då Vestavind Kraft sitt planlagde testområde for offshore vindturbinar utanfor Stadlandet . Det andre er å bruke den fantastiske maritime kompetansen som er i Måløy-miljøet og i den maritime industrien langs kysten til å utvikle ny teknologi for offshorevindkraft, seier han.

- Skal ikkje stå på sidelinja

Det er Olje og energidepartementet som vil ha i gang eit slikt demonstrasjonsanlegg i den planlagde storsatsinga på fornybar energi, og Sogn og Fjordane har store ambisjonar.

- I framtida vil leverandørindustrien og næringsutviklinga rundt fornybar engergi til å bli like stor som den i dag er kring olje- og gass teknologi. Skilnaden denne gang er at Sogn og Fjordane skal vere med frå start og ikkje stå passivt på sidelinja og vente eit par tiår på å sjå kva som skjer elles, seier han.

- Har ein god sjanse

To-tre ulike miljø gjer i dag sine hoser grøne for Enova, og Bjørlo trur Sogn og Fjordane har ein god sjanse.
- Denne gangen trur eg vi har ein reell sjanse. Men det handlar også om politikk framover. Det blir ein kamp mellom fylka og ulike delar av landet. Difor er eg veldig glad for at fylkeskommunen med fylkesordføraren i spissen har sagt klart i frå at dette er ein med på, seier han.