Hopp til innhold

– Ein nasjonal operasjonssentral vil betre beredskapen

– Når nasjonale kriser oppstår, som storbrannen i Lærdal, er det viktig å sjå tilgjengelege ressursar under eitt, seier oberst Rolf Folland.

Rolf Folland, Rygge flystasjon

OBERST: Rolf Folland, sjef ved Rygge flystasjon, meiner ein nasjonal operasjonssentral ville vore nyttig under hendingane den siste månaden.

Foto: Martin Tangen Schmidt/NRK

Oberst Rolf Folland er sjef ved Rygge flystasjon i Østfold, og meiner ein nasjonal operasjonssentral vil betre beredskapen i Norge.

– Ein slik type operasjonssentral vil kunne ha kontinuerleg oversikt over kva kapasitetar som er kva, og tilgjengeleg innan kva tidsfrist, seier Folland.

– Meir effektiv styring

Brann Frøya

FRØYA: Kring 700 vart evakuerte då det byrja å brenne på Frøya for ei veke sidan.

Foto: Joakim Halvorsen / NTB scanpix

Dei siste vekene har tre store brannar kravd store ressursar og gjort skade for enorme verdiar. Oberst Rolf Folland trur ein nasjonal sentral med oversikt over alle tilgjengeleg ressursar kan vere løysinga for å få raskare kontroll på nasjonale kriser.

Ein slik operasjonssentral finst ikkje i dag.

– Du vil kunne styre ressursane meir effektivt og du vil sleppe at kvar enkelt aktør i den lokale krisa skal kunne ha oversikt over dei nasjonale ressursane. Det er nesten umogleg, seier Folland.

Skal ta kommando

Brannslokking Flatanger

FLATANGER: Kring 90 bygningar gjekk med og 33 personar evakuerte då det byrja å brenne på Flatanger i Trøndelag.

Foto: Ove Magne Ribsskog / Flatangernytt

Folland meiner lokale operasjonssentralar framleis skal handtere lokale kriser, men at ein nasjonal sentral skal ta over kommandoen når det krevst nasjonal hjelp.

– I dag er det veldig etatsvis, og støtte må bes om og avklarast mellom dei ulike etatar når krisa har skjedd. Det kunne vore gjort meir effektivt om ein hadde ein nasjonal operasjonssentral med medlemer frå dei ulike beredskapsaktørane som set med oversikt over kapasitetar, seier han og siktar til kapasitet og ressursar hos både beredskapsaktørar og frivillige organisasjonar.

Lærdal fekk kritikk

Brann i Lærdal

LÆRDAL: 40 bygningar, av desse 17 bustadhus, vart slukt av flammane i Lærdal.

Foto: Jan Erikstad

Ei slik oversikt meiner han hadde vore nyttig under hendingane den siste månaden.

I Lærdal har brannkorpset fått kritikk frå Bergen brannkorps fordi dei venta på å ta imot hjelp medan storbrannen utarta seg.

– Dette er element vi har sett no under dei tre brannane i Lærdal, Flatanger og på Frøya. Der det blir stilt store krav til kompetanse for å kunne utnytte ressursane, og bruke desse ressursane sikkert og trygt, i denne samband brannsløkking, seier han.

Utviklar register

Hos Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap (DSB), ynskjer ikkje avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen å kommentere om ein nasjonal operasjonssentral er aktuelt.

 Anne Rygh Pedersen

AVDELINGSDIREKTØR: Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap.

Foto: DSB / privat

Ho seier derimot at det er sett i verk andre tiltak, som initiativ til å etablere eit nasjonalt ressursregister.

– Det er veldig viktig at den personen som leiar aksjonen lokalt har den naudsynte kunnskapen om tilgjengeleg ressursar. Nettopp difor har vi utvikla det forprosjektet som gjeld nasjonalt ressursregister der alle slike ressursar skal komme fram.

Nasjonal beredskapsøving

Oberst Folland trur også ein felles arena for nasjonal øving, med både beredskapsetatar og frivillige organisasjonar er viktigare, enn å tilfeldigvis lære for kvar hending.

– I Lærdal hadde vi til dømes ein del utfordringar med kommunikasjon. Det gjorde at vi til brannaksjonane i Trøndelag tok med oss forsterkingselement med tanke på kommunikasjonen, seier han.

– Slike ting skulle vi ynskt var utvikla på permanent basis i trening og øving, ikkje berre når vi har nasjonale kriser, avsluttar Folland.