NRK Meny

Vil ha mobil kai i Nordfjord

– Dersom Nordfjord vil ta del i den store veksten i cruiseturismen, bør Nordfjord Havn seie ja til Sea Walk på Nordfjordeid, seier administrerande direktør i European Cruise Services, Arthur Kordt, til Fjordabladet. Sea Walk er ein mobil kai som kan fungere som ein ekstra cruisekai. Cruiseturismen veks med åtte prosent årleg. Kordt seier alternativet til ein ekstra kai er at den stadig aukande trafikken blir sendt til Sogn eller Geiranger.

Nordfjord Havn
Foto: Ottar Starheim / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast