Hopp til innhold

Sp vil flytte vegmilliardar på Austlandet til rassikring på Vestlandet

– Vestlandet og distrikta får altfor lite til rassikring av vegane. Midlar må overførast frå Austlandet.

Ras Ulvik

LIVSFARLEG: Heldigvis vart ingen tekne av raset som gjekk i Ulvik i Hardanger i desember i fjor.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Dette seier Jenny Følling (Sp). Ho er nyvald leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Den nyleg avgåtte fylkesordføraren i Sogn og Fjordane er oppgitt over det ho meiner er ei urettferdig fordeling av vegmidlane og at altfor lite blir sett av til rassikring.

Samferdslepolitisk talsperson i Senterpartiet, Siv Mossleth, støttar Følling fullt ut.

– Ein veldig stor del av dei totale midlane til samferdsle går til det sentrale Austlandet. Vi må sjå om vi får vridd meir pengar over til rassikring i distrikta, seier ho.

Statens vegvesen la før jul fram ferske tal som viser at det vil koste 71 milliardar kroner å rassikre det norske vegnettet.

På same tid har stortingspolitikarane peika på at det trengst 24 milliardar kroner å rassikre det same vegnettet.

– Det heng ikkje i hop, sukkar Jenny Følling som krev kraftig auke i løyvingane.

Jenny Følling

KRITISK: Det høyrer ingen stad heime at det ikkje blir sett av nok midlar til å rassikre det norske vegnettet, seier nyleg avgått fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Ho viser til at Austlandet har både bane og veg, medan Vestlandet har dårleg vegstandard, manglande rassikring, ferjer og tunnelar.

– Vestlandet og andre distrikt må få ein større og meir rettferdig del av den totale kaka, seier Følling.

Ho viser mellom anna til ei fersk prognose frå Bane Nor, der jarnbanesatsinga Indre Intercity, med dobbelspor frå Oslo til Hamar, Tønsberg, Hønefoss og Sarpsborg, åleine vil koste 148 milliardar kroner.

– Når Indre Intercity åleine ser ut til å ville koste 148 milliardar, bør det vere overkommeleg å bruke 71 milliardar til å rassikre det totale vegnettet i Noreg, seier ho.

Facebookgruppa "Folk for Intercity-utbyggingen"

SVÆRT KOSTBART: Indre Intercity, med dobbelspor frå Oslo til Hamar, Tønsberg, Hønefoss og Sarpsborg, er kostnadsrekna til 148 milliardar kroner. Dett er over dobbelt så mykje som det vil koste å rassikre det norske vegnettet.

Foto: Facebook / Skjermdump

Eit anna kostbart samferdsleprosjekt på Austlandet er E18 gjennom Asker og Bærum. Prosjektet er kostnadsrekna til om lag 40 milliardar kroner. I tillegg vil ny E18 gjennom sjølve Oslo koste fleire milliardar.

Frp seier nei

Nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Morten Stordalen (Frp), avviser at Vestlandet og distrikta bør få ein større andel av samferdslebudsjetta.

– Det må brukast endå meir til rassikring i åra som kjem, men å setje landsdelar opp mot kvarandre blir feil. Dette verkar å vere eit typisk Sp-utspel for å sanke fleire veljarar i distrikta, seier han.

Før FrP landsmøte

SLÅR TILBAKE MOT SENTERPARTIET: Det er tydeleg at Senterpartiet er på stemmesanking når dei ber om at vegmidlar blir flytta frå Austlandet til distrikta, seier Morten Stordalen, nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Stordalen viser til at det blir brukt svært mykje pengar til samferdsle og rassikring på Vestlandet.

– Mellom anna vil ferjefri E39 koste enorme summar, seier han.

Ein førebels prislapp for den ferjefrie europavegen er på 340 milliardar kroner. Planen er at den skal stå ferdig i 2050.

Rogfast mellom nord og sør i Rogaland under Boknafjorden vil bli ein del av den ferjefrie europavegen. Prosjektet til 17 milliardar kroner er under bygging.

Eit anna delprosjekt under ferjefri E39 er Hordfast mellom Stord og Os, som har ein førebels prislapp på 35 milliardar.

Stordalen peikar på at den blå regjeringa har brukt meir pengar på samferdsle enn Senterpartiet nokon gong har gjort.

– Vi har auka samferdslebudsjetta med 80 prosent sidan vi kom i regjering. Det blir difor spesielt når Senterpartiet går ut på denne måten, seier han.

Fryktar raskatastrofe

Åshild Kjelsnes har leia den nasjonale rassikringsgruppa sidan 2006. Ho er glad for at Jenny Følling er så klar på at det trengst meir midlar til rassikring.

– Når ein treng 70 milliardar til å rassikre vegane i Noreg, så må det hentast frå ein pott der andre må vente litt lenger. Det viktigaste er liv og helse, noko rassikring handlar om, seier ho.

Kjelsnes er redd det må skje ei nasjonal raskatastrofe, der til dømes ein skulebuss blir teken, før ansvarlege politikarar forstår alvoret.

– Politikarane må handle før det er for seint, seier ho.

Åshild Kjelsnes

FRYKTAR KATASTROFE: – Ansvarlege politikarar må handle før det er for seint, seier Åshild Kjelsnes, leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Foto: Bård Siem / NRK