Hopp til innhold

Statsråd vil ha meir samarbeid om barnevern, men vil ikkje bruke pisk

Barneminister Audun Lysbakken meiner fleire småkommunar må gå saman om å drive barnevernstenester. Han vil likevel ikkje bruke pisk for å få det til.

Audun Lysbakken

VIL HA MEIR SAMARBEID: Barneminister Audun Lysbakken er uroa over at mange kommunar ikkje samarbeider om barnevern.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Kommunar som samarbeider om barnevernstenestene greier å fange opp fleire born som har det vanskeleg heime.

Likevel er det over 130 småkommunar som droppar barnevernssamarbeid. Det uroar Lysbakken som fryktar det skal gå utover borna.

- Vi ser at det er born som ikkje får den hjelpa dei har krav på. Det er ein uakseptabel situasjon, seier Lysbakken til NRK.no.

Samarbeid gir betre tilbod til borna

136 kommunar i landet har gått saman om å drive såkalla interkommunale barnevern. Slike store samanslåtte barnevernskontor gir betre tilbod til borna på bygda, viser evalueringar og ein ringerunde NRK har gjort til kommunar med interkommunalt barnevern.

Mellom anna viser det seg at interkommunale barnevernstenester lettare får tak i dyktige og spesialiserte fagfolk som vil bli verande.

Oppmodar til samarbeid

Olav Lunden

POSITIVE ERFARINGAR: Olav Lunden er ordførar i Leikanger, ein av mange kommunar som har lukkast med barnevernssamarbeid.

Foto: Leikanger kommune

Den vesle kommunen Leikanger i Sogn og Fjordane er blant kommunane som har har gått saman med nabokommunar om barnevernstenestene.

Resultatet var at langt fleire i kommunane torde melde frå om forhold der born ikkje har det bra. Landstatistikken fortel det same.

Leikanger-ordførar Olav Lunden håpar fleire kommunar vil gjere som dei.

- Eg trur vi må konstatere at fleire har fått hjelp med samarbeidet, seier Lunden som også er KS-leiar i Sogn og Fjordane.

Mininsteren vil ikkje bruke pisk

Barneminister Audun Lysbakken er samd i at fleire kommunar bør inngå slike samarbeid, men vil likevel ikkje bruke pisk.

Statsråden meiner 400 øyremerkte stillingar er nok til å gje born på bygda den hjelpa dei har krav på.

- Vi har lagt klare føringar og kommunar som samarbeider får fordelar. I tillegg har eg vore tydeleg på at eg ønskjer meir interkommunalt samarbeid, seier Lysbakken til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barneombodet: - Det hastar

Reidar Hjermann

HASTAR: Barneombod Reidar Hjermann seier det straks må setjast inn tiltak for å betre barnevernet i små kommunar.

Foto: Berg-Rusten, Ole / SCANPIX

Barneombod Reidar Hjermann er derimot meir utålmodig og krev at det vert sett inn tiltak straks for å betre barnevernet i små kommunar.

- Vi må sjå på barnevernstenestene ganske snart. Vi kan ikkje vente på utredningane Regjeringa held på med, seier Hjermann til NRK.no.

Han seier barnevernstenesta i nokre kommunar i dag er så dårleg at born ikkje får den hjelpa dei treng.

- I nokre kommunar er tenestene både små og skrøpelege. Dei har dårleg økonomi og få fagpersonar, noko som gjer dei liten fleksibilitet i systemet sitt, seier Hjermann.