Hopp til innhold

Vil ha meir pengar til nytt museum - men styret seier førebels nei

Norsk Reiselivsmuseum skal stå klart i 2014, men leiinga ved museet meiner dei ikkje får ressursar til nysatsinga.

Harry Mowatt på opninga av det nye bygget til Sogn og Fjordane kunstmuseum

IKKJE MEIR: Harry Mowatt som er styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane seier dei ikkje har sett behovet for fleire tilsette no. Biletet er frå opninga av det nye bygget til Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Foto: Alf Vidar Snæland

Norsk Reiselivsmuseum er det einaste av sitt slag i landet, og sidan 2004 har ein jobba for å få til eit nytt museumsbygg i Balestrand.

Men skal ein klare å drifte museet når det står klart må det meir pengar til, det meiner avdelingsleiar Inger Marie von der Lippe som er frustrert over situasjonen.

– Eg er skuffa og vonbroten over administrasjon og styre, seier ho til NRK.no.

– Må ha fleire ressursar

Norsk Reiselivsmuseum skal vere reiselivet sitt eige nasjonale dokumentasjonssenter. Viktige oppgåver er å samle inn, verne, forske på og formidle norsk reiselivshistorie.

Men det kan bli altfor mykje å gjere for dei to tilsette ved museet. No ber avdelingsleiaren om at Musea i Sogn og Fjordane gir dei meir ressursar.

– Vi har bede om at ei stilling vi har no skal få halde fram. Det å makte det meste i lag med ein god medarbeid, det er for lite, seier Inger Marie von der Lippe og legg til:

– Vi må ha fleire ressursar inn skal vi skikkelege utstillingar. Dette er ikkje mitt ansvar, men leiinga, administrasjonen, direktøren og styret. Det trur eg ikkje dei har teke heilt inn over seg.

Ser ikkje behovet no

Harry Mowatt, styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, meiner at det er ei diskusjonssak kva Norsk Reiselivsmuseum faktisk treng.

– Det er rett at vi ikkje har funne grunn til å opprette ei tredje stilling no, dei har to stillingar.

– Dei skal opne det nye bygget i 2014, og det som er strategien vår er at vi først skal utarbeide eit driftskonsept, og vi må få avgjort det som har med opningsutstillinga å gjere. Så kan vi sjå på i kva grad ein må auke bemanninga, seier Mowatt til NRK.no.

Han seier at det ikkje er nokon grunn til å vurdere fordelinga av midlane frå Fylkeskommunen ein gong til.

– Vi har gjort vedtak i styret, og eg vil anta at det ikkje er nokon av dei elleve avdelingane våre som er nøgde med det dei har fått. Men vi kan ikkje ta omkampar på alle løyvingane, seier styreleiaren.