Hopp til innhold

Dyrkar ein fjerdedel av all økologisk frukt og bær i Norge - vil dyrke meir

Ein fjerdedel av all økologisk frukt og bær som blir produsert i Norge kjem no frå Sogn og Fjordane. Landbruksdirektøren skulle likevel ønskje at det blei produsert mykje meir.

Ingebjørg Strand Heiberg

GOD SESONG: Ingebjørn Strand Heiberg på Kaupanger angrar ikkje på at ho gjekk over til økologisk produksjon. Ho er ein av mange frukt og bærbønder som gjer at Sogn og Fjordane no leverer ein fjerdedel av den økologiske frukta og bæra i landet.

Foto: Birger Meland / NRK

I fjor vart det 100 nye dekar med økologisk produksjon i fjordfylket, og mykje tyder på at auken blir minst like stor i år.

Assisterande landbruksdirektør hos fylkesmannen, Bjørn Harald Haugsvær, skulle likevel ønskje at det gjekk endå fortare.

– Eg er veldig nøgd med at det går framover, men vi skulle sjølvsagt ønskje at det gjekk fortare, seier Haugsvær og viser til at det framleis er for lite norsk økologisk frukt til å mette marknaden.

Har satsa stort

På Kaupanger finn vi ein av dei økologiske hagane i Sogn og Fjordane. Ingebjørg Strand Heiberg viser oss stolt rundt i eplehagen sin, der frykta no er plukkeklar.

– I år er det jo kjempeavling, seier ho og viser fram eple i mange forskjellige sortar.

Saman med dei andre økologiske hagane i fylket står altså Sogn og Fjordane for ein fjerdedel av norsk økologisk frukt og bærproduksjon.

Men samanlikna med vanleg produksjon er tala små. Difor har Sogn og Fjordane og Hordaland dei siste åra vore statlege føregangsfylke for å auke den økologiske produksjonen av bær og frukt.

Assisterande landbruksdirektør hos fylkesmannen Bjørn Harald Haugsvær meiner dei har lukkast med prosjektet.

– Det er moro å sjå at vi no har ein fjerdepart av den nasjonale produksjonen. Det blir lagt merke til at vi er gode på dette, slik vi også er på konvensjonell bær og fruktdyrking, seier Haugsvær til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Økologiske eple på Kaupanger

VIL HA MEIR: Landbruksdirektøren håpar at det skal blir produsert langt meir økologisk frukt og bær i fylket i åra framover. Biletet er frå ein økologisk eplehage på Kaupanger.

Foto: Birger Meland / NRK

Vil likevel ha meir av denne frukta

Likevel vil han ikkje seie seg heilt nøgd med auken, sjølv om det i år fjor vart produsert 100 nye dekar med økologiske produkt. Haugsvær seier han svært gjerne skulle sett at auken var større, men er likevel fullt klar over at det ikkje let seg gjere over natta.

– Dyrkarane skal klare å følgje med. Dei skal klare dei biologiske utfordringane, hanskast med sopp og med store skadedyr, forklarar Haugsvær og legg til:

– Der gjer vi store framsteg.

Han viser til at ein no brukar biologisk olje for å kjempe skadedyr, i staden for synestetiske sprøytemiddel.

– Dette er ei måte å kjempe mot skadedyr på som også dei konvensjonelle frukt og bærdyrkarar tek etter. Dette fordi det er like effektivt som dei kjemiske midlane.

– Det har gått veldig bra

På Kaupanger fortel Ingebjørg Strand Heiberg at nettopp arbeidet med sprøytemidlane var grunnen til at ho gjekk over til økologisk produksjon.

– Eg ville gjere noko for å sleppe unna sprøytearbeidet. Vi prøvde med økologisk produksjon i delar av hagen først, så har vi lagt om alt etter kvart, seier ho til NRK.no.

Erfaringa ho har hatt så langt med å drive økologisk er berre positiv.

– Det har gått veldig bra, eg trudde vi skulle få fleire problem, spesielt med insekt, seier ho og viser til at dei framleis nyttar seg av svovelpulver mot sopp.

Berre 10 prosent kjem frå Norge

Bjørn Harald Haugsvær

MORO: Bjørn Harald Haugsvær seier det er kjekt at Sogn og Fjordane gjer det godt med stor produksjon av økologisk frukt og bær.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sjølv om det no blir dyrka stadig meir økologisk frukt og bær, så er det ikkje nok. Enno er produksjonen så liten, at det berre er i den høgste høgsesongen at du kan vere så heldig å finne frukta i butikken.

Haugsvær meiner det difor er viktig at produksjonen held fram med å vekse.

– Skal vi få varer fram i butikken slik at eg og du som forbrukar kan finne desse varene, så må produksjonen aukast betydeleg, seier den assisterande landbruksdirektøren.

Han seier det per i dag er svært mykje av den økologiske frukta og bæra som blir selt i butikkane frå utlandet.

– Av det som blir omsett av økologiske eple nasjonalt er det berre 10 prosent som er produsert her i Norge.

– Vi har ein jobb å gjere for å auke den økologiske produksjonen i Norge, og ta ein større del av marknaden.