Det vil bli umogleg å rekruttere unge legar dersom dei blir tvungne til å gå åleine på vakt i einskilde kommunar, trur Sele. Og Statens Helsetilsyn lokalt deler frykta. Fylkeslegen har uttrykt uro for at ein i nær framtid vil ha store vanskar med å fylle eit tjuefiretimars legevakttilbod i Sogn og Fjordane.
Gamle legar
Svært mange legar i fylket har nemleg nådd så høg alder at dei kan nekte å gå i slike vaktordningar. Einaste løysing på problemet vil difor vere større vaktdistrikt der fleire legar går vakter saman, meiner legeforeininga.
Mislukka forsøk
Men det har vore forsøkt å få til legevaktsamarbeid i fleire distrikt utan at dette har lukkast.
På ei veke har to vaktsamarbeid stranda i Sogn fordi lokalpolitikarar har gått imot ordninga. På fredag høyrde vi at kommunestyret i Årdal sette kjeppar i hjula for ei ordning med felles legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland. Og same kveld vart det kjent at det same skjedde i Luster, der kommunestyret med stort fleirtal gjekk mot legevaktsamarbeid med Sogndal og Leikanger.
Sele meiner politikarane no må sjå realitetane i augene og få til eit samarbeid.