Hopp til innhold

Ny metode hjelper alvorleg sjuke pasientar langt raskare tilbake til dagleglivet

Ny forskning syner at hjerneslagpasientar, hofteopererte og andre som treng rehabilitering kan bli langt fortare friske og koste langt mindre for samfunnet med ny metode.

Omsorg

MEIR FOKUS: Forskning syner at til dømes slagramma pasientar kjem seg mykje raskare tilbake til dagleglivet dersom kommunane lagar eigne avdelingar og einingar for rehabilitering.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

I dag er det vanleg i dei fleste norske kommunar at særleg eldre pasientar som har hatt hjerneslag eller andre alvorlege sjukdomar får tildelt ein korttidsplass på den lokale sjukeheimen. Det bør det no bli slutt på, meiner allmennlege og forskar Inger Johansen.

I si heilt ferske doktorgradsavhandling har ho lagt fram prov for at dersom kommunane samlar desse pasientane på eigne einingar og avdelingar, med eige personale, så kjem dei seg dobbelt så raskt tilbake til dagleglivet.

Svært gode resultat

– Resultata av studien synte at funksjonsforbetringa for pasientane i den særskilte eininga berre for rehabiliteringspasientar var nesten dobbelt så høg som om ein pasient blir rehabilitert i ein korttidsplass på sjukeheimen, seier Johansen til NRK.

Inger Johansen

FORSKAR: Inger Johansen.

Foto: Universitetet i Oslo

I tillegg I tillegg brukte pasientane på rehabiliteringseininga nesten berre halve tida på å få dobbelt så bra funksjon i høve dagleglivet sine vanlege aktivitetar.

– Den betra effekten fekk og betydning for mengda med heimetenester som pasienten måtte ha etter at dei kom heim etter rehabilitering. Den var langt lågare enn for dei som hadde vore på vanleg sjukeheim, sler forskaren fast.

Lågare kostnader

Ho har forska på dette feltet i fleire år, og meiner at kommunane no må sørge for at det blir eit fokus på rehabilitering av pasientar, som med rett behandling kan ha mange gode år framfor seg, trass alvorlege diagnosar.

– Pasientane får ein betre funksjon og er nok langt meir nøgde når dei kjem heim til seg sjølv. Eit anna pluss er at helsekostnadene blir lågare for kommunane som har ei eiga eining for slike pasientar, seier Johansen.

Bør slå seg saman

Ho er uroa over at rundt om kring i Norge så vert dei fleste eldre rehabilitert på korttidsavdelingar på sjukeheimar.

– Denne granskinga syner jo då at kommunane med fordel kan gå over til ein modell med ei eiga rehabiliteringseining. Norge har jo mange små kommunar, men mindre kommunar kan då slå seg saman slik at dei får ei stor nok eining på ikkje noko særleg mindre enn ti plassar. Det vil vere til det beste for pasientane og koste mindre for kommunane, konkluderer Johansen.

– Prega av gårsdagen

Fylkeslege i Sogn og Fjordane og spesialist i allmennmedisin, Per Stensland, meiner at forskaren er inne på noko svært viktig. Han meiner at kommunane har må forstå at dei må tenkje nytt i høve denne store pasientgruppa.

– Eg trur det er slik at kommunane har hatt ambisjonar som har vore prega av gårsdagen på dette området. Det vil seie at ein meir eller mindre har hatt ein idé om at på sjukeheimen så blir det gjeve ein del gangtrening, i tillegg har ein fysioterapi, men i beskjeden grad. Det er tilbodet, seier Stensland.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

VIL SJEKKE: Fylkeslege Per Stensland i Sogn og Fjordane set no i gang tilsyn i fleire kommunar for sjå på forholda for rehabilitering.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stor skilnad på mål og røyndom

Han peikar på at det er ein stor skilnad mellom dei ambisiøse måla til helsestyresmaktene, og korleis norske kommunar sørgar for rehabilitering av mellom anna slagpasientar.

– Det er skilnad på dei nasjonal ambisjonane og i det som har vore vanleg i kommunane til no. No går det faktisk ein betydeleg ressursstraum frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta som et ledd i samhandlingsreforma, seier Stensland som forventar at kommunane tek tak i dette.

Krass kritikk mot kommune

No skal han som ansvarleg for helsetenestene i Sogn og Fjordane sende sine folk ut på vegen og sjekke tilhøva for desse pasientane rundt om i kommunane. Dei har alt vore i den vesle kommunen Naustdal, og resultatet derifrå var nedslåande.

I rapporten frå Fylkesmannen sitt tilsyn heiter det mellom anna:

«Vår vurdering er at resultatet av ei slik styring kan medføre at pasientar med hjerneslag og hoftebrot som har behov for rehabilitering ikkje får dei lovpålagte tenestene dei har krav på»

Tek det på alvor

Rådmann i kommunen, Øyvind Bang-Olsen, seier til NRK at dei tek rapporten frå Fylkesmannen på alvor.

– Sjølv om den økonomiske situasjonen er ganske krevjande i Naustdal kommune, så har vi tilsett ny kompetanse på området og får ein ny fysioterapeut no like over sommaren. Det vil jo vere med å styrke kapasiteten vår og kompetansen vår til å drive med rehabilitering.

Sjekkar fleire kommunar

Fylkeslegen er derimot spent på kva dei vil finne når dei sjekkar dei andre kommunane sine tilbode til desse pasientane.

– Det som i alle fall er sikkert er at det vi finn vil vere ein viktig premissleverandør for den vidare utviklinga av rehabiliteringsarbeidet i kommunane, sler Per Stensland fast.