Hopp til innhold

Skal lokke jerven levande i felle

Eit prøveprosjekt med jervebåsar skal gjere jakta meir effektiv på jerven. Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel har tru på å lokke jerven i felle i staden for å jakte jerven.

Jervefelle skal vere meir effektiv jakt

MEIR EFFEKTIV JAKT: Ei jervefelle som lokkar jerven levande inn i ein bås kan vere den mest effektive måten å få bukt med sauedrapa i Indre Sogn, trur stortingspolitikar. Her frå ei av dei to jervebåsane som er godkjende i Indre Sogn.

Foto: Privat

– Når vi ser dei store sauetapa så er det heilt uakseptabelt. Vi veit at det er mykje jerv i området og det er gitt 8 fellingsløyve og i fjor vart det ikkje felt jerv på lisensfelling. Då må vi sette i verk tiltak, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

I dialog med departementet

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel har engasjert i seg i jerveproblematikken i Indre Sogn. Fredag var han i møte med sauebønder frå Naddvik, Borgund og Luster. Lødemel har allereie tatt opp med departementet jerverproblematikken i departementet.

– Eg har vore i dialog med departementet i forhold til å prøve ut ei ny ordning der ein brukar jervebås og overvakar båsen med kamera og komme seg fram til båsane med snøskuter.

Jervebås vert montert

VINTERJAKT: Jervebåsen fangar jerven levande.

Foto: Privat

Ein jervbås fangar jerven levande og med kamera installert kan jegerane overvake fella, og raskt rykke ut. Dette har Lødemel tru på kan vere den mest effektive måten å jakte jerven på om vinteren.

– Vi håpar å få prøvd ut ordninga eit par plassar i Indre Sogn i løpet av denne vinteren, som ein del av ei meir effektiv lisensfelling.

– Vi veit at dersom ein skal lukkast med å felle jerv må det gjerast vinterstid, seier Lødemel.

Må jakte vinterstid

Det vil vere viktig for bøndene å kunne bruke snøskuter for å drive tilsyn med jervebåsane.

– I det bratte terrenget i Indre Sogn vil det vere nødvendig for å kunne røkte båsane, seier Lødemel.

Jervebås vert frakta til fjells

FRAKTA JERVEBÅS: To jervebåsar er allereie godkjende i Indre Sogn.

Foto: Privat

I fredagens møte med sauebøndene vart Lødemel imponert over kompetansen bøndene har på jakta. Per i dag har dei to båsar som er godkjende, men Lødemel håpar at fleire skal få prøve.

– Eg har god dialog med departementet og håpar vi skal få på plass ei slik ordning raskt – i alle fall i løpet av denne vinteren.