NRK Meny
Normal

Vil ha brann- og redningssamarbeid mellom alle kommunane i Sogn

Fleire kommunar tek til orde for å utvida brann- og redningssamarbeidet i midtre og indre Sogn.

Hus i full fyr - under storbrannen i Lærdal

FEKK HJELP: Under storbrannen fekk Lærdal avgjerande hjelp frå 12 brannkorps i fire ulike fylke.

Foto: Jan Erikstad

I dag er Vik, Leikanger, Balestrand, Sogndal og Luster med i det interkommunale selskapet Sogn brann og redning.

Storbrannen i Lærdal viser at alle kommunane i regionen burde ha vore med, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim.

– Vi bør absolutt sjå på denne moglegheita no når situasjonen frå Lærdal er fersk. Det er ikkje berre snakk om brann, men også redning. Vi har hatt fleire utfordringar både på sør- og nordsida på kort tid. Dette kan gje oss større slagkraft når større ulykker skjer, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Fekk hjelp frå 12 brannkorps

Sterk vind jaga eldtungene frå hus til hus i Lærdal natt til 19. januar. 681 personar vart evakuerte frå heimane sine. 17 bustadhus vart øydelagde i brannen. Totalt brann 40 bygningar ned til grunnen.

Brannmeisteren i kommunen, Guttorm Gullaksen, kjende seg avmektig i sløkkearbeidet.

– Då brannvesenet kom, kom dei til meg og spurde kor eg ville ha dei. Eg måtte berre seie: de får finne dykk eit hus som brenn, seier Gullaksen.

Under storbrannen fekk Lærdal avgjerande hjelp frå 12 brannkorps i fire ulike fylke, frå Gjøvik og Hallingdal i aust til Bergen og Voss i vest.

Men der fanst ingen beredskapsplanar på tvers av kommune- og fylkesgrensene.

Slike interkommunale planar må på plass, seier leiar for representantskapet i Sogn brann og redning, Olav Lunden.

– Er det mogleg å lage nokon fellesløysingar? Kan vi sjå breiare enn dei kommunane som er i Sogn brann og redning no, og invitere sørside-kommunane som ikkje er med. Kanskje så langt som til Høyanger, lurer Lunden.

Håpar samarbeidet vert styrka

Han ser ikkje vekk ifrå at ein lyt sjå endå breiare på det.

– Vi må lage ein beredskapsplan som går både på det lokale, og endå breiare enn i dag, seier Lunden.

Om knappe to veker har Sogn brann og redning møte for eigarkommunane Vik, Leikanger, Balestrand, Sogndal og Luster. Dit har Lunden òg invitert Årdal, Aurland, Lærdal og Høyanger.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim håpar samarbeidet i Sogn blir styrka, noko storbrannen i januar viste viktigskapen av.

– Under ei slik krise, har ein trong for hjelp på alle nivå. Uansett kor godt eit lite brannkorps, som det vi har i Lærdal, er, så klarar vi å takle brann i eitt eller to hus. Men når det vart av ein slik dimensjon som i Lærdal, så var vi heilt avhengige av hjelp frå nabokommunane, seier Solheim.

– Vil ein interkommunal beredskapsplan vere til noko hjelp i ein slik situasjon?

– Ja, både i ein slik situasjon, men også når det gjeld førebygging. Då kan vi byggje opp ein heilt annan kompetanse og eit heilt anna miljø for å skape kompetanse for førebyggjande verksemd innan alle område som har med brann å gjere, seier Solheim

Vegopning på Bergum i Førde kommune