NRK Meny
Normal

Lettar på maska for aksept om psykiske lidingar

– Det gjer det lettare å vere ærleg om mine eigne utfordringar, seier Torbjørn Vereide om viktigskapen av openheit rundt psykisk helse.

Torbjørn Vereide

AKSEPT: Torbjørn Vereide og Thor Mehammer ynskjer meir aksept om psykiske problem. Draumen er også eit sterkare fokus på psykisk helse i utdanningsløpet. – Gjennom eige delfag, prosjektarbeid eller samarbeid med frivillige organisasjonar kan vi styrke kunnskapen, og med dette skape større tryggleik rundt elevane si eiga helse, seier han.

Foto: Privat

Det er ein viktig dag for Ap-politikarane Thor Erlend Mehammer og Torbjørn Vereide. Ikkje berre ein politisk viktig dag, men også personleg.

Laurdag 10. oktober er verdas helsedag for psykisk helse.

– Sjølv er eg diagnostisert med kronisk depresjon og sosial angst. For mange kan dette høyrest negativt og skummelt ut, men eg har trass i dette ein fast jobb i Røde Kors og er leiar av Førde Ap på mitt tredje år, seier Mehammer.

Ynskjer openheit

Mehammer og Vereide ynskjer meir aksept for psykiske lidingar. Dei ynskjer å opne seg og håpar at dess fleire som vågar å snakke om det, jo meir aksept blir det.

– Det er framleis store stigma og tabu rundt psykisk helse, men mi erfaring er at den universelle framandfrykta ofte vert mindre når ein er ærleg og open, seier Mehammer og ser verdsdagen for psykisk helse som eit fint bidrag for å sette fokus på eit viktig og alvorleg tema for mange.

– 1 av 5 ungdomar mellom 3 og 18 år har i dag nedsett funksjonsevne grunna psykiske plagar som angst, depresjon og åtferdsproblem. Om ein ikkje tek tak i problemet tidleg, så kan dette utvikle seg til det verre, seier han.

Kaste maska

Mehammer var sjølv usikker på korleis vennegjengen ville reagere då han i 2010 oppsøkte psykolog.

Thor Mehammer

TRENGDE HJELP: Thor Mehammer oppsøkte sjølv hjelp i 2010. Han var mest spent på kva vennegjengen tykte om det.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det er ikkje alltid like enkelt å kaste maska. Med å vere ærleg med både meg sjølv og andre, opplevde eg ein større tryggleik og ei styrka sjølvkjensle, seier han.

Sjølv om mykje går framover, meiner han at det politiske initiativet framleis er mangelfullt.

– Aksepten for den psykiske helsa går framover, men det er viktig at dei politiske grepa går i rett retning, seier han.

– Sender feil signal

Mehammer tykkjer det gir feil signal å bruke rekordmykje oljepengar, og samstundes auke eigendelen for psykologtimar.

– Det provoserer meg litt sjølv om auken ikkje er stor. Ein gir ungdomen feil signal når det blir dyrare å søke hjelp.

– Vi er ikkje perfekte glansbilete, vi er menneske med kjensler som både har oppturar og nedturar. Det burde ikkje vere mindre akseptert å søke hjelp for psykiske problem, enn det er å gå til legen, legg Vereide til.

Dei har ein draum

Mehammer og Vereide er glad for at skulehelsetenesta gjennom statsbudsjettet blir styrka med 200 millionar kroner til kommunane.

Dei ville helst sett midlane øyremerkte for at helsesøstrene skal vere meir på skulen og få møte ungdomane før problema får slått rot.

– Saman med ein krympa kommuneøkonomi ser vi at dette ofte blir nedprioritert, seier Vereide.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser