NRK Meny
Normal

Har ikkje nokon plan B – berre Kongepokal er godt nok

Sindre Rørstadbotnen satsar alt på eitt kort når han skal sikre seg EM-billetten under NM i vektløfting. – Det er eg veldig komfortabel med å gjere, seier naustedølen.

Sindre Rørstadbotnen 177 kilo i støt i NM

SATSAR ALT: Vektløftaren skal i aksjon under NM søndag. – Vinn eg Kongepokalen, så får eg reise på EM. Så enkel er matematikken, ler han.

Foto: Marit Årdalsbakke

Kongepokalen er kortet som skal sikre Sindre Rørstadbotnen deltaking i Europameisterskapen på heimebane i april.

Helgas NM i Trondheim er siste sjanse til å klare EM-kravet.

– Det blir vinn eller forsvinn. Men det er slik eg likar det, ler den unge, men erfarne, vektløftaren.

Må ha 350 poeng

Tambarskjelvar har fleire av dei 175 påmelde deltakarane. Mange av dei er ute i same ærend som Rørstadbotnen, som for første gong løftar om NM-tittel i 105-kilosklassen.

– Eg ser dei andre løfter og kjenner sommarfuglane i magen og eg berre gler meg til å komme i gang i morgon, seier vektløftaren.

Mange medaljar

Frå tribunen såg Rørstadbotnen ungdomsløftaren Robert Moldestad sikre den ferske vektløftargruppa til Breimsbygda si første NM-medalje med sølv i 62-kilosklassa. Det kvalifiserer han også til Nordisk meisterskap på Island til hausten.

Yngve Apneseth tok sølv i 85 kilosklassa, medan Jantsen Øveraas (77kg) og Marit Aardalsbakke (63kg) vann sine klassar suverent. Sandra Trædal, som har vore ute med skade, tok sølv i 58-kilosklassa.

Fredag var Steinar Kvame best blant veteranane i 77-kilosklassa.

– Eg er veldig nøgd med fem medaljar. I morgon ventar eg fire til, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Uaktuelt å misse

Då skal Tore Gjøringbø, Vebjørn Varlid og Ina Andersson i sving. I tillegg til ein Rørstadbotnen med ein solid dose sjølvtillit.

– Eg er veldig komfortabel med kravet på 350 poeng. Det skal gå relativt greitt, seier han.

– Kor sur blir du om det ikkje går?

– Det blir bittert sjølvsagt, men eg har ikkje tenkt så mykje på det. Det er rett og slett uaktuelt å ikkje klare det.

God taktikar

Gunnar Reiakvam

TRENAR: Gunnar Reikvam håpar på mange EM-billettar i Trondheim denne helga.

Foto: Elias Engevik / NRK

Noko plan-B har ikkje Rørstadbotnen noko behov for. Målet er 350 poeng

– Nei, med ein alternativ plan så trur eg at ein fort kan gå på ein smell, seier han og vedgår at taktikken blir viktig søndag ettermiddag.

– Og der er Gunnar Reikvam veldig god under meisterskap, med å sjå kva andre løftar. Men ein kan ikkje gå ut for lågt heller, for då kastar ein vekk løft, seier han.

Opp ei vektklasse

23-åringen har bokstaveleg tala vore gjennom ein kamp for kiloa siste tida. Rørstadbotnen har ete, og trena seg opp ti kilo frå 95 kilosklassa.

I fjor var han fattige 0,74 poeng frå å vinne Kongepokalen. Det gjer han berre endå meir lysten på edlaste metall i 105-kilosklassen.

– Eg ynskjer jo at andre skal prestere godt også, men så er ein jo så pass egoistisk at dei ikkje kan prestere betre enn meg, humrar han.