NRK Meny

Vil ha lokale legar

For å unngå legemangel ynskjer Lærdal sjukehus å arbeide meir systematisk med å knyte til seg legar med lokal tilknyting, skriv Sogn Avis. Stadleg leiar ved sjukehuset i Lærdal, Margun Thue seier at det er vanskeleg å rekruttere legar til distrikta, noko kommunane merkar, men også Helse Førde. Ho seier at hennar erfaring er at dersom legane ikkje har lokal tilknyting vil dei ofte søke ny utfordringar andre stadar etter nokre år.