Vil ha lina vestover

Bremanger og Eid vil flytte den omstridde planlagde kraftlina vestover.

Ålfoten

Bremanger kommune vil verne Ålfoten mot kraftlina.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei vil at 420 kilovoltina skal gå via Svelgen og over fjorden ved Bryggja i Vågsøy. Bremanger vil verne Ålfoten og sikre billeg straum til Elkem i Svelgen, medan Eid vil unngå lina gjennom kommunen.

Trur på kryssing lengre vest

Ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger har stor tru på alternativet med fjordkryssing lengre vest.

- Dette er viktig for lokalsamfunnet Svelgen og for Bremanger og for omkringliggande kommunar.

Bremanger og Eid krev at NVE utgreier eit nytt trasealternativ med fjordkryssing ved Bryggja for den omstridde kraftlina mellom Ørskog og Fardal.

Elkem kan tape

Kraftlina er i dag planlagd med transformering i Ålfoten, noko som gjer at Elkem Bremanger kan tape så mykje som ti millionar kroner i året på dyrare straumpris fordi dei ikkje lenger blir ein del av sentralnettet for straum.

I tillegg vil det noverande alternativet føre til at lina går gjennom Ålfoten og store deler av Eid kommune. Ordførar Sonja Edvardsen i Eid vil difor gjerna ha straumlina flytta vestover.

- Utan nytte for Eid

- Det er viktig for næringsutviklinga i regionen. Dessutan er det meininga at lina skal gå gjennom Eid kommune utan at vi har noko påkoplingspunkt, med andre ord ein rein vegtrasé gjennom kommunen som bandlegg mykje areal utan at vi har noka nytte av ho.

Avventande Vågsøy-ordførar

Alternativet til dei to kommunane vil føre til at lina krysser fjorden aust for Bryggja og går innom Vågsøy og Vanylven kommunar. Men ordførar Roger B. Silden i Vågsøy vil avvente kva NVE gjer med kravet frå naboane før han tek standpunkt til planane.

- Vi må vente til det eventuelt kjem opp som ei sak frå NVE. Vi er opptekne av at lina kjem, for ei slik line gjennom fylket vårt er nødvendig dersom vi skal få utnytte småkraftverka i fylket og vindmøller.