NRK Meny
Normal

Vil ha lensmannskontor på hjul

FØRDE (NRK): – Ny teknologi i politibilane er avgjerande for at politireforma fungerer som den skal. Det seier politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt.

Kaare Songstad

LENSMANNSKONTOR PÅ HJUL: politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt har som mål at politiet skal bli meir synlege i distrikta.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I oktober blir det klart kor mange lensmannskontor som blir lagde ned. Songstad seier at politibilane no skal rustast som eit kontor, slik at betjentane slepp å reise tilbake til kontoret for å gjere etterarbeid etter oppdrag.

– Dette vert heilt avgjerande. Politiet har til no vore dårlege til å utnytte teknologi. Framover kjem vi til å få mobile løysingar som gjer at politiet kan vere mykje meir på hjul ute i lokalsamfunna, seier Songstad.

Kontor forsvinn

Det er ikkje til å kome utanom at kontor kjem til å forsvinne som ein del av nærpolitireforma. Onsdag var reforma tema for eit møte mellom Vest politidistrikt og alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det er viktig at vi no får til den meir mobile måten å jobbe på, slik at innbyggarane i grisgrendte strok i Sogn og Fjordane og Hordaland faktisk opplever at dei har meir polititenester enn før, seier Songstad.

Ordførarane delte

Ordføraren i Balestrand, som var på møtet, reknar ikkje med at kommunen hans får behalde lensmannskontoret sitt.

Harald Offerdal

FRYKTAR FOR LENSMANNSKONTORET SITT: Harald offerdal (Ap) er ordførar i Balestrand.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er pessimistisk. Retorikken er den same som vi nytta i eit ordføraropprop for nokre år sidan, men om dei er i stand til gjennomføre det ut ifrå dei nærpolitiprinsippa dei legg til grunn, det er eg usikker på, seier Harald Offerdal.

Han meiner det er småkommunane som blir taparane.

– Det ser vi allereie. I Balestrand har vi hatt eksempel på at vanlege folk har vore nøydde til å utføre politioppgåver , og slik skal vi ikkje ha det, seier Offerdal.

I Aurland i Sogn er ordførar Noralv Distad meir positiv.

– Frå Aurland kommune er vi klare. Vi er godt budde til å gå inn i denne prosessen. Dette er ei reform som er svært viktig for våre innbyggarar.

Han har som utgangspunkt at politiet også i framtida skal ha tenestestad i Aurland.

Noralv Distad

KLAR FOR REFORM: Men ordførar Noralv Distad (H) er klar på at turistkommunen Aurland og må vere tenestestad for politiet også i framtida.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det har samanheng med at vi har svært stor turisttrafikk. Vi har Flåmsbana og vi har ei av dei største cruisehamnene i landet. Det betyr at vi ikkje berre kan legge innbyggartalet til grunn, vi må sjå på totalbiletet. Og då er det klart at det må vere tenestestad i Aurland, seier Distad.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.