Vil ha lenger rullebane
Kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal ber i ei felles høyringsfråsegn om meir midlar i Nasjonal Transportplan (NTP) til planlegging av utviding av rullebana ved Førde lufthamn, skriv Firda. Ordførarane i dei fire kommunane skriv at flyplassen på Bringeland spelar ein nøkkelrolle i dagens samfunn, og ikkje minst i ein region som har store ambisjonar om å vekse.