Hopp til innhold

Vil ha kystvegen over Terøya

Kystvegen må gå i ytre trasé over Terøya. Det er kravet frå Jan-Ove Halsøy i Norsk Lastebileigarforbund (NLF), skriv Firdaposten. I fylkestinget vart Terøy-alternativet nedstemt, men NLF gir ikkje opp kampen for det alternativet dei meiner vil gje eit godt og samanhengande vegsamband langs kysten. Flora-ordførar Ola Teigen sa før jul til avisa at trasévalet ikkje er ute for alltid.

Jan Ove Halsøy
Foto: Ingrid Hognaland / NRK