NRK Meny
Normal

Uroa over utsleppa frå cruisenæringa - krev regjeringa på bana

Naturvernforbundet er uroa over forureininga cruiseturismen slepp ut, og no vil dei at staten skal stille krav til cruisenæringa.

Cruisebåtar i Flåm

TRAVELT I FLÅM: Enkelte dagar er det fleire cruiseskip som vitjar Flåm.

Foto: Anders Fretheim

NRK fortalte i førre veke om bonden Anders Fretheim i Flåm, som meiner det er for mange skip som kjem inn fjorden, og at forureininga etter skipa er øydeleggande for bygda.

Generalsekretær i Naturvernforbundet, Maren Esmark, forstår frustrasjonen til bonden, og meiner myndigheitene no må ta grep.

– Norske myndigheiter må stille krav til alle cruiseskip som går langs norskekysten, og kommunane kan prøve å få det til lokalt, seier ho til NRK.no.

– Eit stort problem

Esmark meiner det er fleire tiltak ein kan nytte seg av for å minske utsleppa frå cruiseskipa, og peikar blant anna på løysingar der skipa går på elektrisitet medan dei er inne i fjorden.

Protest mot cruiseskip

PROTESTERAR: Bonde Anders Fretheim protesterar mot den store cruisetrafikken i Flåm.

Foto: Anders Fretheim

– Fleire stadar, spesielt i nasjonalparkar, har det vore prøvd ut kvoteløysingar. Altså at ein har restriksjonar på kor mange skipe ein tar inn per dag eller veke, og kanskje ein også kan begrense tidspunktet på dagen, seier ho.

I 2013 hadde Flåm 170 cruiseanløp, og omlag 250.000 cruiseturistar, medan det i år er venta at 210.000 cruisepassasjerar skal vitje den vesle bygda. Bonde Anders Fretheim sa til NRK at han ønskjer seg fleire dagar i veka der ein ikkje har cruiseanløp. Esmark meiner dette er noko ein må bli einige om lokalt.

– Det må vere opp til kommunen å diskutere kva type restriksjonar dei ønskjer, vi i Naturvernforbundet etterlyser grep frå staten når det kjem til forureining frå cruiseskip generelt, for det er eit stort problem, seier generalsekretæren.

Sogn Avis skriv i dag at dei fleste cruiseskipa vitjar Flåm på tysdagar og torsdagar, medan helgane er rolegare. Juli er den travlaste månaden med berre sju cruisefrie dagar.

– Det biletet som enkelte prøvar å skapa, med at det er for mykje folk og forureining, stemmer ikkje. Då trur eg me hadde fått høyrt det frå turistane også, og dei er berre positive, seier hamnesjef, John Erik Johnsen, til avisa.

Lokalt og globalt problem

Esmark fortel at forureininga er eit problem lokalt ved at ein får utslepp som er ubehageleg å vere i og som er helseskadeleg. Ho peikar på at det også er eit globalt problem fordi cruiseskipa har, som annan skipstrafikk, store klimautslepp.

Generalsekretæren ønskjer difor handlekraft frå norske myndigheiter.

– Norske myndigheiter er veldig opptekne av å tilrettelegge for å få flest mogleg cruiseskip til Noreg, men har ikkje gjort dei naudsynte tiltaka for å hjelpe kommunane til å møte den store og spanande næringa som det nå er, seier Esmark.

Naturvernforbundet samarbeider med andre miljøvernorganisasjonar for å nå fram med tiltaka dei ønskjer iverksett, men Esmark meiner det ikkje er lett.

– Dette er ei typisk sak der myndigheitene trekk seg tilbake og seier at dette får vi ikkje til. Kystnæringa vår er veldig global, og Norge tør ikkje å innføre tiltak. Dermed går det utover norske fjordar og miljøvern, fortel ho.

Vil redusere utsleppa

Politisk rådgjevar i Klima- og miljødepartementet, Jens Frølich Holte, hevdar at regjeringa jobbar konstant med å redusere utslepp, også lokalt.

– Nasjonalt har vi til dømes støtteordningar. Landstrøm for skip i havn gjev lågare utslepp og det er eit konkret døme på eit tiltak som kan få støtte. Internasjonalt pressar vi på for eit strengare miljøregelverk. Dette er ein global bransje og difor globale regler det mest effektive på sikt, meiner Holte.

– Fleire stadar, spesielt i nasjonalparkar, har det vore prøvd ut kvoteløysingar. Altså at ein har restriksjonar på kor mange skipe ein tar inn per dag eller veke, og kanskje ein også kan begrense tidspunktet på dagen. Kan dette vere ei løysing?

– Ja, det er en mogleg løysing, men dette må nesten vere lokale avgjerder. Norske havner har ganske stor sjølvråderett, påpeikar rådgjevaren.

– Klima- og miljøminister Tine Sundtoft vil besøke Geiranger i september for å lære meir om nettopp desse utfordringane og sjå på korleis det kan leggast til rette for eit betre samarbeid, opplyser departementet.