Hopp til innhold

Vil ha kontakt med bilførar etter innbrot

Politiet er svært interesserte i å kome i kontakt med ein bilførar som køyrde gjennom Gravensteinsgata i Sogndal i 03.30-tida natt til måndag.

Sogndal sentrum

GRAVENSTEINSGATA: Her, på riksveg 5/55 gjennom Sogndal skal bilføraren politiet ønskjer kontakt med ha køyrt.

Foto: Christian Blom

Håpet er at vedkommande kan sitje på interessant informasjon om innbrotet på XS Data og Multimedia.

– Føraren av denne bilen skulle vi svært gjerne ha snakka med, seier politibetjent Stein Helge Selland ved Sogndal og Leikanger lensmannskontor.

Innbrotet på databutikken på Sogningen storsenter vart oppdaga av tilsette som kom på jobb måndag morgon. Ei rute vart knust og inne i butikken var telefonar, ipadar og datamaskiner til fleire hundre tusen kroner borte vekk.

Tre mørkkledde menn

Politiet var raskt ute og bad om tips frå publikum, men torsdag ettermiddag har dei framleis ikkje fått inn eit einaste tips frå utanforståande.

– Dette er ei tid på døgnet der det ikkje er spesielt mange ute å ferdast.

Selland understrekar at dei framleis er interessert i alt av observasjonar.

– På overvakingsbileta ser vi tre personar som er i det aktuelle området utanfor Sogningen i tidsrommet frå klokka 02:45 til 03:45. Vi vil gjerne kome i kontakt med folk som kan ha bevega seg i sentrumsområdet og gjort observasjonar i dette tidsrommet, seier Selland.

Ut frå overvakingsbileta tyder alt på at det er snakk om tre mannspersonar. To av dei er kledde i mørke jakker og hovudplagg, med lyse bukser, medan den tredje har mørk jakke, hovudplagg og mørk bukse.

Køyrde gjennom sentrum klokka 03:30

Politiet ber no også om at ein bilførar som køyrde gjennom sentrumsgata i tidsrommet rundt innbrotet tek kontakt.

– Vi veit at det var eit køyretøy som passerte gjennom Gravensteinsgata frå Loftenesbrua retning mot rundkøyringa til Fjærland ca. klokka 03:30. I dette aktuelle tidsrommet var altså gjerningsmennene på utsida av Sogningen, seier Selland.

Det er gjort kriminaltekniske undersøkingar inne i butikken, men Selland vil ikkje seie noko meir om kva funn dei har gjort.