Hopp til innhold

Kommunane må slutte å investere i fossilt brensel

Kommunane må gjere som staten og vurdere å kutte ut investeringar i fossilt brensel, det meiner Venstre.

Alfred Bjørlo

MÅ GJERE SOM STATEN: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner kommunane må gjere som staten og vurdere å kutte ut investeringar i fossilt brensel.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Norske kommunar har gjennom KLP investeringar for sju milliardar kroner i kol, olje og gass. Nyleg vedtok Stortinget å greie ut om Oljefondet skal kutte ut å investere i nettopp slike bransjar.

– Eg meiner at når staten no har sagt så tydeleg at ein skal ta grep for å greie ut uttrekking av statlege pensjonspengane frå denne sektoren, så må det same skje i kommunalsektoren, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo frå Venstre.

Stortinget har alt gått inn for å greie ut om Statens Pensjonsfond, betre kjent som Oljefondet, skal ut av investeringar i fossile brensel. No meiner også Venstre at kommunane bør henge seg på.

På tide å trekke seg ut

Gjennom Kommunal landspensjonskasse sit kommunane på verdipapirinvesteringar for vel 350 milliardar kroner. Over 7 milliardar av desse er i olje og gass, om lag 800 millionar er investert i kolselskap.

Bjørlo som er leiar for Venstre sitt ordførarnettverk og medlem av landsstyret meiner det er på tide å trekke seg ut.

– Vi veit no at veldig mykje av olje- og gassreservane i verda, må bli liggjande der dei er dersom ikkje klima skal springe løpsk, vi veit at dette utgjer ein stor økonomisk risiko for Norge å vere så avhengig av olje og gass i den løpande finansieringa av velferdsstaten, meiner Venstre-ordføraren.

– Viss vi i tillegg skal putte dei langsiktige sparepengane våre inn i akkurat den same sektoren, så får vi ein dobbel risiko for framtida til velferdsstaten, seier Bjørlo.

Vil trekke seg ut ved fleirtal

I KLP følgjer dei debatten om fossile investeringar. Rådgjevar for ansvarlege investeringar, Heidi Finskas, seier dei investerer i fossile brensel for å få best mogleg avkastning på pensjonen til kommunalt tilsette.

– Så sjølv om det er ein avgrensa del av porteføljen, så meiner vi at dersom vi ser bort frå ein heil sektor, så vil det auke den finansielle risikoen, seier Finskas.

Men KLP som er eigd av medlemskommunane vil trekke seg ut om det er fleirtal for det.

– Det var ein god slutning i Stortinget at ein gjer ein skikkeleg vurdering av dette. Det som er viktig for oss i denne saka er at den blir grundig sett på og får vurdert den frå alle relevante sider.

- Klima er ei av vår tids utfordringar, og vi har alt sett i gang vurderingar for å setje lys på alle aspekt ved det, seier Finskas.

Øydelegg klimaet

Arild Hermstad, leder Framtiden i våre hender

GLAD FOR UTSPELET: Leiaren i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad, meiner kommunane ikkje bør vere avhengig av at selskapa får lov til å vinne ut fossile ressursar.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Miljørørsla er glad for utspelet frå ordførarhald i Venstre, leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad, meiner kommunane ikkje kan vere med på investeringar som øydelegg klimaet.

– Dette er dei langsiktige sparepengane til kommunane, og dei bør ikkje vere avhengige av at selskapa får lov til å vinne ut sine fossile ressursar, meiner Hermstad.

– Norske kommunar nyt godt av at staten har tent seg søkkrike nettopp på olje og gass. Blir det ikkje då rart å stille seg framfor børsen og seie at: Ja, vi syndar, men likar det ikkje?

– Det er jo eit argument at sidan vi har tent mykje på olje og gass, så skal vi halde fram med å tene mykje på det. det høyrest veldig risikabelt ut. Det er ein mindre risiko dersom vi investerer dette i framtidsnæringane i staden for det vi har tent pengar på tidlegare.

– Vil svekkje oljenæringa

Men utspelet får også motbør. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, er også bystyremedlem i Flora, ei kommune som har mykje oljeverksemd.

– Ved å svekkje investeringane i oljenæringa, så svekkjer vi ikkje berre arbeidsplassane knytt til petroliumsnæringa, men vi svekkjer òg det som i realiteten ber det norske velferdssamfunnet, meiner Djuvik.

Men Alfred Bjørlo meiner det ikkje er nokon grunn til at ikkje kommande skal gjere det same som Stortinget. No tek han saka opp med KLP.

– Når eit samle politisk miljø på Stortinget, alle parti, meiner at klimautfordringane er så alvorlege at vi er nøydd til å vere aktive i å ta grep også for våre framtidige pensjonspengar. Så må den nøyaktige same logikken gjelde for dei kommunale pensjonspengane, som også er felleskapet og framtidige generasjonar sine pengar, seier Bjørlo.