Hopp til innhold

Vil ha klarare straffeansvar

– Vi treng eit klarare straffeansvar mot foreldre som ikkje gjer noko for å forhindre overgrep mot born. Det meiner politiadvokat Anette Stegejerdet Norberg.

Anette Stegegjerdet Norberg

ØNSKJER ENDRING: Anette Stegegjerdet Norberg ønskjer at familie som ikkje stoggar overgrep mot born, bør få eit klarare straffeansvar.

Foto: Bernt Sønvisen

Årleg er det vel 150 familievaldsaker berre i i Sogn og Fjordane, men mørketala er store. Ofte kunne overgrep og mishandling vore forhindra om mistenksame i nærmiljøet meldte frå.

– Det er heilt klart at i mange tilfelle så er me ofte seint på bana. Det er gjerne slik at når offeret sjølv kjem til politiet og varslar om det, så har det ofte pågått ei stund, seier Espen Gulliksen, som er familievaldskoordinator i politiet i Sogn og Fjordane.

Store mørketal

Politiet fryktar at mørketala er store. Mange seier rett og slett ikkje frå om at noko kan vere gale i nabolaget, i omgangskretsen eller i nær familie.

Saka om åtte år gamle Christoffer Gjerstad Kihle som døde av vald har rysta mange, mora har no anka dommen ho fekk i Tønsberg tingrett fordi ho ikkje gjorde noko for å stoppe valden frå stefaren som er dømt for handlingane.

Politiadvokat i Florø Anette Stegejerdet Norberg meiner den saka er ein viktig prøvestein for kva ansvar ein sit på for å stoppe overgrep.

– Dommen mot Christoffer si mor er på mange måtar ei føregangssak, og ein test på korleis me skal sjå på dette straffeansvaret i framtida, seier Stegegjerdet Norberg.

I går var over 200 personar samla i Stryn for å drøfte strafferett og vald i nære relasjonar.

Etterlyser eit klarare lovverk

Stegegjerdet Norberg meiner det trengst eit klarare straffeansvar i saker der ein ikkje melder frå om vald mot barn, og det ansvaret må gjelde fleire enn berre for mor og far.

– I dansk rett har ein dømd andre personar som har ein reell tilknyting til barnet. Til dømes vart ei mormor i 2009 dømd for ikkje å ha varsla om vald. Mitt bodskap er at handleplikta, plikta om å varsla barnevernet, må gjelda andre persongrupper enn berre foreldra, seier Stegegjerdet Norberg.

For me er ikkje blitt flinkare til å melde frå om me trur noko er gale i ein heim me kjenner. Inge Nordhaug er klinisk sosionom og jobbar i Helse Bergen mot vald og seksuelle overgrep. Han seier at medan skular og barnehagar er blitt meir årvakne, er det annleis når det gjeld vanlege folk i kvardagen.

– Folk er redde for å seie ifrå

Inge Nordhaug

KAN VERE FATALT: Inge Nordhaug seier born kan få store skader av ikkje å våge varsle.

Foto: Asgeir Reknes / NRK

– Det folk er redde for, er at dei skal ta feil, at dei skal bli konfrontert, at det skal bli farleg for dei eller ubehageleg for dei sjølv. Når dei er redde for å ta feil so er det det at dei er redde for "teink om eg mistenkjer noko som viser seg å vera feil, og at det skal skada ein familie", slik som til dømes i Christoffer-saka, seier Nordhaug.

Han seier at særleg born kan få store skader av at folk ikkje vågar å varsle barnevern eller politi.

– Om ein lev med vald i nære relasjonar, så påverkar det på lang sikt hjernen, utviklinga, helsa og korleis det går med deg i livet. For eit born er det fatalt å leva under slike forhold.

Opne for å drøfta anonymt

Espen Gulliksen, som jobbar med familievaldsaker i politiet i Sogn og Fjordane, seier vi alle har eit ansvar å melde frå. Han opplever at ein burde fått beskjed om familievald langt tidlegare.

– Om ein er redd for å stå fram i ei sak, så bør ein i alle fall ta ein telefon til dei som har kunnskap om korleis politiet jobbar i slike saker, og drøfta det anonymt.

– Er born i familien vitne til vald mot mor eller far, eller sjølv utsett for den fysiske valden, så meiner eg det hastar. Born blir veldig fort traumatiserte når slikt skjer, seier Gulliksen.