Hopp til innhold

Vil ha klarare grense for ynglande jerv

I to dagar skal rovviltnemnda i Sogn og Fjordane saman med blant andre rovviltnemnda i Oppland diskutere ynglegrensa til jerven.

Distad med jerv

VIL HA KLARE GRENSER: Leiar i rovviltnemnda i Sogn og Fjordane, Noralv Distad (H), vil ikkje ha ynglande jerv nær fylkesgrensa.

Foto: Noralv Pedersen/BBC / Montasje

Det er spesielt grensa til Oppland som leiar i rovviltnemnda, Noralv Distad (H), er oppteken av. Ynglestaden er flytta nærare Sogn og Fjordane, og dermed er det større fare for at jerven vandrar inn i fylket.

– Det er viktig og kjekt for oss at rovviltnemnda i Oppland kjem hit og får møte grunneigarar som har hatt store tap, slik at vi får formidla den situasjonen som har vore, og at vi får gitt beskjed om at slik kan vi ikkje ha det i framtida, seier Distad.

– Må skjerme sauebøndene

I løpet av desse to dagane blir det gjort synfaring, møte med beitenæringa og møte med kommunen. Distad sin ståstad er at ein skal gjennomføre Stortinget si føresetnad om at Sogn og Fjordane skal vere eit beiteprioritert område.

– Vi kan ikkje ha yngling av jerv inn mot våre område. Då vil det bli ein stadig straum av nye jervar inn i våre område, som skapar dei uheldige situasjonane vi har sett dei siste åra, seier han.

Distad understrekar at det vil vere eit stort nederlag om folk vil slutte med sau på grunn av at det er gjort for mykje skade av jerv.

– Vi må leggje til rette for at sauebøndene kan drive vidare. Dei produsera fantastiske beite og godt kjøt. Slik må det halde fram, seier leiaren av rovviltnemnda i Sogn og Fjordane.

Bur seg på ein krevjande sesong

Så langt i år har sju jervar blitt tekne ut.

– Lisensjakt, der folk kan jakte i området, er vanskeleg på grunn av det tøffe terrenget. Det er vanskeleg å kome opp i fjellet, det er både vêrhardt og bratt. Vi har vore avhengige av helikopterjakt, seier Distad.

Han meiner det er sannsynleg at det er fleire jervar i området.

– Vi må vere budde på at det kan bli ein krevjande situasjon også denne sesongen, seier han.