Hopp til innhold

Vil ha kai i beredskap

Årdal ynskjer å ha ein ferjekai i beredskap i tilfelle nye ras på fylkesvegen mellom Årdalstangen og Fodnes, skriv Sogn Avis. Raset ved Finnsåstunnelen, kombinert med stengd veg over Tyin har etter nyttår aktualisert problemstillinga på ny. Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Marie Helene Hollevik Brandsdal, seier at dei saman med ordføraren no vil jobbe for å få ein operativ ferjekai på Årdalstangen.