Vil ha jerven vekk frå fylkesgrensa

Fylkesutvalet meiner dagens ynglesone for jerv bryt med rovdyrforliket til Stortinget. No ber dei Miljøverndepartementet flytte ynglesona.

Jerv

FLYTTE: Jerven skal ikkje yngle i Sogn og Fjordane, men tillaten yngling i vestlege delar av nabofylket Oppland gjer avstanden til sauene i Indre Sogn svært kort for rovdyret.

Foto: Olav Åsland, Dyreparken

Slik det er i dag gjer rovdyret stor skade i sauer i beiteområde som grensar opp til Oppland .

Per Rune Vereide og Jenny Følling

ENDRING: Jenny Følling (t.h.) og Fylkesutvalet vil flytte grensa for jerveyngling.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesutvalet ber Miljøverndepartementet gripe inn og flytte ynglesona for jerv aust for Ottadalføret.

– Sogn og Fjordane skal ha beiteprioritet for sau og husdyr. Når ein då legg grensa for ynglande jerv heilt inn til fylkesgrensa, på høgfjellet der det ikkje er andre naturlege avgrensingar, så meiner vi at det bryt det prinsippet om at det kan vere beiteprioritet i området vårt, seier gruppeleiar for Sp, Jenny Følling.

Naturleg skilje

Seinast i førre veke vart ein ung hannjerv skoten i Mørkridsdalen i Luster . Direktoratet for Naturforvaltning har gjeve løyve til å felle to jervar i Indre Sogn denne våren.