Hopp til innhold

To kommunar vil ha frikøyring for snøskuterar

Snøskuterentusiastar i Eid og Luster kommunar kan i framtida få eige område til å boltre seg med snøskuter. Turistforeininga er negative til prøveordninga.

Skutere

FRIOMRÅDE: To kommunar i fylket ynskjer å gje snøskuterkøyrarane ein stad å boltre seg på lovleg.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

Eid og Luster er to av 117 kommunar som vil vere med på prøveordninga til den nye regjeringa.

Prosjektet går ut på å gje kommunane løyve til å etablere eigne skuterløyper for frikøyring med snøskuter.

– Eg trur det vil dra nye grupper ut i naturen, og eg trur kommunane er fullt ut i stand til å forvalte det ansvaret dei får med å prøve ut slike ordningar, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

– Utruleg mykje lyd

Ifølgje Høgre og Frp er dette døme på korleis den nye regjeringa skal gje mindre makt til staten og meir makt til enkeltmennesket og lokalsamfunnet.

Ida Amelie Helgesen

KRITISK: Ida Amelie Helgesen.

Foto: privat

Lødemel er positiv til ordninga og nøgd med at forsøksordninga som starta med åtte kommunar i 2001, no er utvida. Nøgd er derimot ikkje kommunikasjonsrådgjevar Ida Amelie Helgesen i Turistforeininga.

– Nettopp fordi vi trur det vil få negative følgje for friluftslivet. Dei lagar rett og slett utruleg mykje lyd. Det er støy, du høyrer dei på lang veg og lyden heng att lenge etterpå, seier ho.

Let seg kombinere

Bjørn Lødemel

NØGD: Bjørn Lødemel (H).

Foto: Alf Vidar Snæland

Snøskuterbruk i utmark har vore eit betent tema siste åra, der partar har stått steilt mot kvarandre. I dag vert slik køyring regulert gjennom Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, men denne lova er frå politisk side ynskt mjuka opp.

Lødemel trur det er fullt mogeleg å kombinere stille natur og snøskuterkøyring.

– Eg trur det å legge til rette for køyring i enkeltområde, og stille og roleg på andre, er ein god kombinasjon som er fullt mogeleg å gjennomføre. Det har også vore ei prøveordning som viser at når ein får dette til mindre sjenanse, seier han og meiner ordninga er ei tillitserklæring til lokaldemokratiet.

– Eg er trygg på at kommunane som ynskjer å gjere dette, finn ein god måte å gjere det på, seier han.