Hopp til innhold

Vil ha fortgang i tunnelplanar

Samferdsleutvalet vil tysdag be Statens vegvesen omgåande starte planarbeidet for ein 1,3 kilometer tunnel frå Ugla mot Olden på fylkesveg 60.

Steinras ved Ugla mellom Innvik og Olden

FLEIRE KUBIKK: Store steinblokker sperra vegen mellom Olden og Innvik i midten av juli.

Foto: Arne Vik

Kostnaden for ein tunnel blei i 2010 sett til kring 300 millionar kroner.

– Målet er å starte arbeidet med tunnelen og utbetring av siste parsellen av Olden-Innvik på slutten av neste år, seier Arnstein Menes som er leiar i samferdsleutvalet.

Er utolmodige

Menes seier dei no er utolmodige i forhold til vidare framdrift der. I budsjettdokumenta som det skal arbeidast med framover, ligg det ein pott på fem millionar kroner til forprosjektering.

– Vi kjem til å be om at administrasjonen og Statens vegvesen allereie no startar planlegginga. Vegvesenet har signalisert 12 månaders planlegging, men det er viktig å setje i gang som snart som mogleg, seier han.

Tykkjer det er gledeleg

Olav Rune Haugen er ein av mange som har engasjert seg for utbetringar av Olden–Innvik. Han er svært glad for signala frå leiaren i samferdsleutvalet.

– Dette veldig gledeleg for alle oss som har jobbe for denne vegstrekninga i årevis. Dette er ein liten siger på vegen framover.