NRK Meny
Normal

Vil ha fortgang i grønn krafteksport med ny teknologi

Forskar meiner at Norge bør satse på ny teknologi på å bli eit grønt batteri for Europa, der dei store vassmagasina våre vil kunne lagre store mengder fornybar straum.

Vannmagasin

STORE VERDIAR: Nyset-dammen i fjella mellom Årdal og Lærdal. Denne og mange andre kan bli viktige for lagring av fornybar energi i framtida.

Foto: Østfold Energi

– Det ein ser som verdien i dette, er at ein får grønare energi og på den måten redusere klimautsleppa. Då ein kan vonleg sørge for at planeten vår ikkje går i dass, seier doktorgradsstipendiat ved NTNU, Kaspar Vereide.

Norge har meir enn halvparten av dei tilgjengelege kraftmagasina i Europa. Desse store vatna bør i framtida brukast til å lagre miljøvenleg straum, som vi igjen kan eksportere ut til mellom anna Tyskland via nye, store kablar til kontinentet, meiner forskaren.

Må utvikle ny teknologi

Både store og små kraftprodusentar i til dømes Sogn og Fjordane vil bli viktige brikker i dette, slår forskaren fast.

Kaspar Vereide NTNU

FORSKAR: Kaspar Vereide ved NTNU.

Foto: gemini.no

– Den overskotskrafta er ein sum av dei store og dei små anlegga våre. Men dei aller viktigaste kraftverka vil bli dei aller største som har store magasin, seier Vereide.

Til NTNU si forskingsside Gemini, seier forskaren at for å få til dette, så vil ny teknologi i kraftverka vere naudsynt. Denne teknologien forskar Vereide på med støtte frå forskingssenteret CEDREN.

Er svært kritisk til ideen

Då ideen om å gjere Norge til eit grønt batteri for Europa sist blei lansert for nokre år sidan, var det fleire som stritta hardt i mot, mellom anna dåverande statsminister Jens Stoltenberg.

Konserntillitsvald for LO i Hydro, Billy Fredagsvik, meiner framleis at ideen til forskaren er heilt uaktuell.

Billy Fredagsvik.

KRITISK: Styremedlem i Hydro, Billy Fredagsvik.

Foto: NRK

– Eg synest dette er veldig dumt. Eg tykkjer det er veldig dumt å eksportere råvarer utan å foredle dei, og tape masse arbeidsplassar og inntekter på det, seier Fredagsvik.

– Miljø viktigare enn kostnad

Men Kaspar Vereide meiner at omsynet til miljøet gjer at ein heller må setje fortgang i å byggje fleire straumkablar til Europa. Import av vind- og solkraft og eksport av vasskraft er framtida, meiner forskaren.

– Vi ser jo no at ein har starta arbeidet med å byggje kablar mellom Europa og Norge. Når ein startar i det små, så vil ein kanskje sjå at dette er noko ein tener pengar på. Då er det lov å håpe at dette vil akselerere og gå fortare og fortare, seier Kaspar Vereide.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy