Hopp til innhold

Vil ha fortgang i behandling av syriske asylsaker

Stortingsrepresentant frå Høgre, Bjørn Lødemel, er ikkje er nøgd med at det går så lang tid før syriske flyktningar får behandla sakene sine

Bjørn Lødemel

IKKJE NØGD: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) vil har raskare asylhandsaming.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Meir enn 1.000 syrarar i Norge har venta i over åtte månader utan å få ein einaste samtale med dei som skal vurdere om dei får opphald.

– Dette er ingen bra situasjon, seier Lødemel, som sit i kommunalkomiteen på Stortinget.

NRK fortalde onsdag om 30 år gamle Jawn Allo frå Syria. I ni månader har han venta på å bli intervjua av utlendingstyresmaktene. I mellomtida står livet på vent.

– Ikkje ynskjeleg

– Det er klart at dette er ein situasjon vi ikkje ynskjer skal vere slik. Vi ynskjer at søknadane skal verte handsama raskt, seier Lødemel.

Ferske tal frå UDI syner at 1092 vaksne syriske flyktningar i Norge har venta i over åtte månader på eit intervju med utlendingsmyndigheitene.

– Årsaka til den lange ventetida er at det har gått frå 5000 – 6000 til over 30 000 innvandrarar i løpet av svært kort tid. Då er det komplisert å få oppbemanna nok, og få fart i rutinane slik at ein klarer å handtere det, seier Lødemel.

Forstår frustrasjonen

Tidlegare denne månaden sveltestreika 24 syriske asylsøkjarar i Høyanger mot lang ventetid for asylintervju. Lødemel seier han forstår at dei syriske flyktningane vert frustrerte over å vente i uvisse.

– I vår komite og på Stortinget har vi handsama både innstramming i forhold til innvandring, og integreringsmelding no i juni. Så det blir jobba under høgtrykk med sakene, så vi håpar det skal vere gode reiskapar for meir fart integreringsarbeidet framover.

Men kor lenge er det greitt at flyktningar må vente på ein samtale for i det heile få starta asylprosessen?

– Det er ikkje råd å sette noko tid på det. Vi har eit sterkt ynskje om å få behandle sakene så raskt som råd, slik at dei som skal vere i Norge kan få bli integrert så raskt som råd. Det må vere heilt klart at vi ikkje er nøgde med det tempoet som er i dag, og at vi har forventingar om at desse sakene skal bli behandla raskare, seier Lødemel.