Hopp til innhold

Vil ha forbod mot «syden-metodar» i norsk reiseliv

Butikkeigar Anny-Irene Mykkeltvedt frå Flåm har opplevd turistguidar som jagar kundar ut fordi ho ikkje betalar provisjon. Ho er skuffa over tiltaka regjeringa legg fram for å bukt med problemet.

Anny-Irene Mykkeltvedt

SKUFFA: Butikkeigar Anny-Irene Mykkeltvedt frå Flåm fryktar bruk av provisjon til guidar berre vil auke dei neste åra. Ho meiner det må innførast lovforbod.

I dag lanserer regjeringa ein brosjyre om kva reglar som gjeld for returprovisjon i reiselivsbransjen. Dette kjem etter fleire oppslag det siste året. Turistar i grupper får ikkje sjølve velje kva suvenirbutikkar dei skal gå til, og guidane tek betalt av butikkeigarane.

– Målet er å nå dei som har avtalar om returprovisjon. Og syte for at dei veit kva som er lovleg eller ikkje, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Ber om forbod

Fleire aktørar i bransjen har det siste året teke til orde for langt sterkare verkemiddel. Mellom andre butikkeigar Anny-Irene Mykkeltvedt frå Flåm, som konsekvent nektar å betale provisjon til guidar.

– Eg ønsker forbod. Eg skulle ønske næringsministeren hadde sagt at vi skal ikkje ha provisjon i turistbransjen.

I ein lengre artikkel i DN i fjor fortalde Mykkeltvedt kor fortvilande det var å sjå at guidane går til andre butikkar.

Cruiseskip i Flåm

ULIK PRAKSIS: Turistbygda Flåm tek imot over ein million turistar kvart år. Enkelte butikkar betalar provisjon til guidar for å få kundar. Andre gjer det ikkje.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg går glipp av reisande som kjem til Flåm. Ikkje fordi at dei ikkje går forbi butikken min, men fordi at dei blir jaga forbi butikken min. Og dei som kjem inn, blir også jaga ut. Eg synest det er trist at folk ikkje kan bevege seg fritt, seier Mykkeltvedt.

Ho viser også til at praksisen ofte skjer i det skjulte.

– Dei som spør meg om provisjon, spør meg alltid når dei er aleine.

Etterlyser tiltak

I fjor haust bad leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), om strakstiltak for å få bukt med det han kalla «Syden-metodar».

Geir Pollestad (SP)

KRITISK: Geir Pollestad (Sp), leiar i næringskomiteen, saknar strengare tiltak mot provisjon i reiselivsbransjen. Han trur ikkje ein nettbrosjyre vil ha ønska effekt.

Foto: Terje Heiestad / Stortinget

Han ville ha eit regelverk som forbyr praksisen før årets turistsesong er i gang.

– Næringsministeren sitt svar er å lage ein brosjyre. Det er så smått og openbert at dette ikkje vil ha nokon effekt. Ordninga med returprovisjonar kjem til å halde fram, seier Pollestad.

Han meiner butikkeigarar som vel å ikkje betale provisjon har grunn til å vere skuffa i dag.

Ber om innspel

Næringsministeren seier han i første omgang vil satse på betre informasjon til bransjen, men utelukkar ikkje lovendring seinare. Brosjyrane er på engelsk, norsk og kinesisk.

Erna Solbergs andre regjering med nye statsråder.

BETRE INFORMASJON: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier nettbrosjyren vil gjere det enklare for guidar, butikkar og serveringsstader å forstå kva reglar som gjeld.

Foto: Lise Åserud / NPK

– Det er vanskeleg å lage eit regelverk som ikkje råkar avtalar som er heilt greie og som det ikkje er noko problematisk ved. Problemet oppstår dersom det går ut over konkurransen eller gjestane ikkje får den valfridomen dei skal ha.

Geir Pollestad saknar framdrift, og han meiner det er fullt mogleg å finne ei lovendring som ikkje slår uheldig ut.

– Korleis ein slik lovtekst skal sjå ut, må næringsdepartementet og ministeren greie ut. Men hovudproblemet her er at ein ikkje ønsker regulering på dette feltet og berre let ting skli, seier Pollestad.