Hopp til innhold

Vil ha folkerøysting om utbygging

Det kan bli folkearøysting om den planlagde vasskraftutbygginga i Leikanger kommune.

Leikanger
Foto: Arild Nybø / NRK

Det kan bli folkerøysting om den planlagde vasskraftutbygginga i Leikanger kommune.

Treng to prosent

Dersom meir enn to prosent samlar seg bak forslaget må kommunestyret ta stilling til ei eventuell folkerøysting. - Alle har høve til å sende inn skriftleg fråsegn til NVE, men det er ei barriere for mange å skulle sette seg ned å skrive brev til NVE. Å sette seg inn i ei innfløkt sak, og å grunngi det skriftleg, seier Lisbeth Dahle. - Men engasjementet kan vere stort, slik at vi ynskjer å gi folk sjansen til å seie si meining.

Kommunen har alt gitt støtte til utbygging

Kommunestyret har støtta søknaden om kraftutbygging i Henjaelva og Grindselva og ordførar, Olav Lunden, ser difor ikkje grunn til noko avrøysting

Olav Lunden

Ordførar Olav Lunden

Foto: Leikanger kommune

- Det som er spesielt i denne saka er at kommunestyret allereie har handsama den i full breidde og gitt ein uttale som er oversend til NVE . Lunden seier han ikkje har høyrt om at det har vore halde folkerøysting i ei sak der kommunen berre er høyringsinstans.

- Korleis stiller du deg til ei eventuell folkerøysting?

- Nei, eg ser ikkje noko grunn til noko folkerøysting om ei kraftubyggingssak. Kommunestyret er folkets valde representantar til å ta stilling til slike saker, på like line med andre større og mindre saker.