Hopp til innhold

Vil ha folkerøysting

Rådmannen i Gloppen føresler folkerøysting om kommunesamanslåing med Eid torsdag 19. mai. Dette føreset at kommunane vert samde om avtale om samanslåing på sine komande kommunestyremøte. Det vert framleis forhandla om avtalen. Eid er einaste alternativ for Gloppen, så ei folkeavrøysting vert ja eller nei til samanslåing. Rådmannen går også inn for at 16-åringar skal ha røysterett.