Hopp til innhold

Vil ha folk til å bruke meir tid på flyktningar

Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner det er minst like å dele tida si med flyktningar, som å dele materielle gode.

Anne Karin Hamre

BRUK TIDA DI: Fylkesmann Anne Karin Hamre oppmodar fleire til å bruke tida si saman med flyktningar. Blant anna ønskjer ho at fleire melder seg som verje for mindreårige flyktningar.

Foto: Noralv Pdersen / NRK

Engasjementet rundt flyktningkrisa i Europa har auka sterkt, også i Sogn og Fjordane. På nettsidene til Fylkesmannen skriv Anne Karin Hamre at det er viktig at dette engasjementet vert møtt på ein god måte.

– Det som er viktig er at dei som har dette engasjementet omset det til praktisk handling, og då er det også viktig at kommunar, flyktningmottak og frivillige organisasjonar er aktivt ute og fortel korleis folk best mogleg kan hjelpe til, seier Hamre.

Viktig med språktrening og integrering

Materielle ting er viktig, seier Hamre, men ho meiner det er vel så viktig å bruke tid i lag med flyktningane.

– Vi veit at språktrening og god integrering er nøkkelen til å komme inn i arbeidslivet, og då snakkar eg om dei flyktningane som er komne til Norge og som har fått opphaldsløyve. Og dei blir det fleire av i tida som kjem, seier ho.

Jølster mottak er blant fleire som har teke engasjementet på alvor. På ei felles nettside med fleire andre mottak har dei skrive ei liste over kva behov flyktningane har. Øvst på lista står det at dei treng menneske som vil bruke tida si på å til dømes gå tur, spele kort, reise på fisketur eller fjelltur, plukke bær og bake med flyktningane.

– Må bli endå tydelegare på behova

Hamre meiner dette er ei god liste, men at ikkje alle er like flinke på å få ut slik informasjon.

– Eg hadde ein liten sjekk på kommunale heimesider i går og tykte det var vanskeleg å finne, så eg meiner at ein kan få ut dette på ein mykje tydlegare måte både via eigne nettsider, sosiale medium og via media, seier ho.

Eit anna fokus for Fylkesmannen er at det også kjem mange einslege mindreårige som har rett på verje. Talet på desse er sterkt aukande, ifølgje Hamre. Ho oppmodar folk som vil ha dette vervet til å melde seg for Fylkesmannen. Krava er ikkje mange.

– Det er viktig å ha god evne til å få kontakt med barn og ungdom og oppnå tillit. I tillegg må ein ha god innsikt i korleis forvaltninga fungerer og kva rettar barn har, for oppgåva til ei verje er først og fremst å ta vare på rettane til barna i asylsakene.