Hopp til innhold

Vil ha fokus på skulevegring blant born med autisme

Autismeforeininga i Sogn og Fjordane set fokus på skulevegring blant born med diagnosen autisme.

Margunn Dyrdal

KUNNSKAP ER VIKTIG: Son til Margunn Dyrdal fekk diagnosen barneautisme då han var tre år gamal.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Svært mange born med autisme slit i møte med skulekvardagen, men i kommunane er det høgst varierande kunnskap om korleis ein skal ta i mot, og legge til rette for desse borna.

– I Sogn og Fjordane har det vore dårleg, men dei seinare åra har det blitt meir merksemd kring dette, seier Margunn Dyrdal, som er referent for styret i Autismeforeininga i Sogn og Fjordane.

Dyrdal som kjem frå Sande har sjølv ein gut på snart 14 år med autisme. Ho seier dei møtte på utfordringar både i barnehagen og i skulen, men seier at i hennar tilfelle var dei tekne i mot på ein god måte.

– Det er det ikkje alle som kan seie. Men både i barnehagen og i skulen har dei vore flinke til å legge til rette. Til dømes då han byrja på skulen så vart han møtte med mange krav som gjorde at han vegra seg for å gå på skulen. Skulen tok tak i dette og fekk endra det slik at han kom inn på eit positiv spor. Men det tok tid, mange månadar, fortel Dyrdal.

Stor interesse

Dyrdal og dei andre i Autismeforeinga såg at det var eit stor behov for kunnskap om emnet. Ut over eit innføringskurs til foreldra når barnet har fått diagnosen var det ingenting. Difor arrangerte dei i fjor kurs for 125 påmelde, til kurset i år er det 90 påmelde.

– Det fortel ganske mykje. At vi i eit fylke med 110 000 innbyggarar har like mange påmelde til kursa våre som i langt meier folkerike Hordaland. Det fortel mykje om behovet for kunnskap hjå foreldre og andre rundt desse borna, seier Dyrdal.

Spesialpedagog Dag Gladheim Sørheim

HELD KURS: Spesialpedagog Dag Gladheim skal snakke om skulevegring og nye opplæringsmetodar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Stort problem

Spesialpedagog Dag Gladheim Sørheim, som 15. september skal halde kurset i Førde, fortel at det er eit stort problem at mange born med autisme nektar å gå på skulen.

– Det kan ha mange årsaker. Det kan vere noko på skulen som gjer at borna vegrar seg, eller det kan vere at dei vil vere heime fordi dei då får merksemd frå foreldra, seier Gladheim Sørheim.

Han seier det er viktig at det vert sett meir fokus på opplæringsdelen enn det ein har gjort til no. Til no har ein vore svært opptekne av tilrettelegging, og det meiner Gladheim Sørheim i mange tilfelle har gått på kostnad av opplæring og trening.

– Til dømes handlar det om øve på teljing. Det blir det ofte brukt for lite tid på å lære borna å telje, slik at dei får flyt i teljinga og det går av seg sjølv. Får ein ikkje til det, er det vanskeleg for borna å halde styr på tala og dei gløymer lett, seier Gladheim Sørheim.