Hopp til innhold

Vil ha fokus på fornybar energi

Venstrepolitikar Alfred Bjørlo fryktar eit einsidig oljefokus i Sogn og Fjordane. Han meiner i staden det er fornybar energi som vil vekse inn i framtida.

Alfred Bjørlo

GRØN ENERGI: Venstrepolitikar Alfred Bjørlo håpar Sogn og Fjordane også satsar på den fornybare energien, og ikkje berre på olje og gass.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Oljenæringa i fylket har fått ein etterlengta giv, dei har fått ny ingeniørutdanning på plass og fleire store selskap er i ferd med å etablere seg.

Men samtidig som dette skjer fryktar fylkespolitikar Alfred Bjørlo frå Venstre at fylket låser seg fast i ei einsidig satsing på petroleum.

– Det er veldig viktig at vi som fylke skjønnar at vi ikkje må legge alle egga i "petroleumskorga." Det er ein dristig og farleg strategi for framtida.

– Vi må vite kor vi vil, og ikkje berre lene oss tilbake fordi vi har fått ein liten flik av oljealderen 20 år etter dei andre, seier han.

– Vi må ikkje miste fokuset

Nøgde næringslivsfolk kunne sist veke gle seg over nok ein milepæl i utbygginga av oljeindustrien i Sogn og Fjordane. Ei eiga ingeniørutdanning i Florø skal bane vegen for ny vekst.

Og dette føyer seg inn i biletet av ei kraftig opptrapping av oljebransjen.

No fryktar Venstre-politikar Alfred Bjørlo at vi gløymer å satse på fornybar energi, og dermed går glipp av store moglegheiter.

– Vi skal no satse på å byggje opp eit skikkeleg ingeniørmiljø i Florø, men vi må ikkje miste fokuset på det som er hovudmoglegheitene for fylket, nemleg fornybar vekst.

– Petroleum vil stagnere på grunn av internasjonale trendar, og på grunn av dei dramatiske klimaendringane som vi byrjar å sjå konturane av, seier Bjørlo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Atle Stang (NHO)

BEGGE DELER: Jan Atle Stang i NHO Sogn og Fjordane har stor tru på olje og gass, men er samd i at ein også må kunne satse på fornybar energi.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

NHO har stor tru på olje og gass

Det internasjonale energibyrået meiner at to tredjedelar av dei fossile energiressursane må få ligge i fred, dette om verda skal greie å halde den globale oppvarminga under to grader.

Klimamåla har ført til kraftig utbygging av nye former for energiproduksjon verda over.

Men her i fylket gler ein seg fyrst og fremst over å endeleg ha kome på banen innanfor olje og gass. Det gjeld også for regiondirektør i NHO, Jan Atle Stang.

– Ein har lenge snakka om "haleproduksjon" på oljefelta, men halen vert jo berre lenger og lenger.

– Det blir for defensivt å seie at olje og gass blir parkert om eit par tiår, seier Stang til NRK.no.

– Det kjem andre tider

Men Bjørlo får også støtte. Miljøstiftinga Zero som jobbar med å få ned klimautsleppa, seier oljenæringa vil få ein nedtur tidlegare enn mange anar.

Dagleg leiar Marius Holm forklarar kvifor.

– Når fornybar energi veks veldig i Europa, som er vår viktigaste marknad, så blir heile systemet annleis. Det ser vi når det gjeld Startkraft. Dei har no gasskraftverk i Tyskland som står stille fordi dei ikkje lenger er lønsame, seier Holm.

Både Holm og Bjørlo meiner likevel det er forståeleg at næringslivet satsar på olje og gass, så lenge milliardane rullar inn, og staten subsidierer rekordhøge investeringar.

– Men det blir likevel veldig skummelt når Norge, og Sogn og Fjordane, legg til rette for at vi skal satse på olje og lite anna. Det kjem andre tider, verda tek klimaproblema på alvor og ny teknologi veks fram, seier Holm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli

DATALAGRING: Planane om å gjere Lefdal gruve om til ei datalagringsgruve er blant satsingane som Bjørlo trekk fram.

Foto: Pressefoto

Vil satse på det grøne

Sogn og Fjordane har enorme energiressursar. Alfred Bjørlo vil no ha ei kraftig satsing også på den fornybare delen.

– Vi må sørgje for utbygging av fornybar energi, gå i front på offshore vind, styrke den spennande satsinga på Lutelandet med ny grøn industri, seier Bjørlo.

Han nemner også aluminiumproduksjon, silisium, grøn datalagring i Nordfjord, og ny teknologi til fornybar energi.

– Dette er eit langsiktig løp som vi treng kompetansemiljø på, gjerne ved å utvikle den nye ingeniørutdanninga i Florø, avsluttar han.

Ja, takk, begge deler

Og det kan Jan Atle Stang i NHO støtte, men ikkje om det går utover oljesatsinga som NHO har stor tru på.

– Eg er samd i at fylkeskommunen må ha sterkt fokus på fornybar energi.

– Men dette må ikkje gå på kostnad av redusert fokus på petroleum, det er denne næringa som genererer mest aktivitet og som kjem til å gjere det i mange tiår framover.