NRK Meny
Normal

Meiner godt synleg politi er mest effektivt for å unngå tragiske dødsulukker

Med 12 omkomne skriv 2013 seg inn i historia som det verste trafikkåret på lenge i Sogn og Fjordane. – Eit godt synleg politi vil vere mest effektivt, meiner Elling Krogen i Utrykkingspolitiet.

Etter den tragiske dødsulukka i Våtedalen i romjula, tar ein av ordførarane i Nordfjord no til orde for meir effektive sikringstiltak, som midtrekkverk.
191 menneske mista livet i trafikken i fjor, 46 fleire enn året før.

SJÅ TV-SAK: Elling Krogen meiner meir synleg politi er den mest effektive måten å redusere trafikkdøden. – Heile vår motivasjon er å jobbe slik at det ikkje skjer dødsulukker, seier han.

Ein må tilbake til 2004 for å finne eit meir tragisk år på vegnettet i fylket. Då omkom 13 personar.

Seinast i romjula omkom tre personar då to bilar frontkolliderte på E39 gjennom Våtedalen i Jølster. Nyttårsaftan omkom ei kvinne i Byfjordtunnelen i Rogaland slik at dødstalet enda på 191 personar på landsbasis.

– At publikum ser politiet på vegane medverkar til at folk skjerpar seg. Dei ser at oppdagingsrisikoen er stor og blir meir aktsame og forsiktige, meiner Elling Krogen i Utrykkingspolitiet.

Har inga forklaring

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen har allereie lova endå sterkare kamp for å få ned ulukkestala .

Terje Moe Gustavsen

VEGDIREKTØR: Terje Moe Gustavsen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Vi har ingen klar og enkel forklaring på at vi har fått 46 fleire drepne på vegane. Fagfolka snakkar om naturlege statistiske variasjonar, men det er ikkje ei god nok forklaring. Denne dramatiske utviklinga må stoppast, seier Moe Gustavsen.

Saman med Politidirektoratet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Trygg Trafikk, fylkeskommunen og dei største bykommunane, skal Statens vegvesen på nyåret leggje fram ein ny tiltaksplan for trafikktrygging på veg for 2014–17.

– Risikoen for å bli drepen eller hardt skadd i trafikken er framleis historisk låg, men vi skal vidare, seier Moe Gustavsen.

Fleire tiltak kan gjere

Det same ynsket har også Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre. Han meiner det er fleire tiltak som kan setjast i verk for å gjere vegnettet endå tryggare.

Meir ressursar for å få eit meir synleg politi er mellom desse.

– Det er mange tiltak som må setjast i verk. Ein del er investeringar, ein del kostar pengar, ein del er haldningsarbeid og ein del handlar om kontroll og førebyggjande arbeid, seier han.

Meir pengar til politi

Bjørn Lødemel

STORTINGSKANDIDAT: Bjørn Lødemel (H).

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Hovudprioriteringa i høve til utbygging går på midtrekkverk for å skilje trafikken, og på firefelts trygge vegar der det er trafikkgrunnlag for det. I tillegg til utbetring av sideterreng og belysning er det dei fysiske tinga, seier Lødemel og held fram:

– Men eg trur også at politiet må få auka ressursar til å drive kontroll. Både promille, fartskontroll og bilbelte er viktig førebyggande arbeid.

Manglar rekkverk

NRK fortalde torsdag at nær 200 kilometer med fylkesvegar i Sogn og Fjordane manglar godt rekkverk for å sikre bilistane. Det fekk mellom anna Sverre Olav Torheim oppleve på Torheim i Eid romjula for vel eitt år sidan.

Prislappen er antyda til å vere mellom 150 og 200 millionar kroner. Fylkeskommunen har i år berre fem millionar kroner til nye rekkverk, samt fem millionar kroner til vedlikehald av gamle.

– Dei fleste ulukkene vi har er utforkøyringar, så det å ha gode rekkverk betyr mykje, sa fungerande seksjonsleiar i Vegvesenet, Ole Martin Lilleby til NRK.no.

– Har store oppgåver

– Nær 200 kilometer manglar godt rekkverk. Er dette godt nok Lødemel?

– Nei, det er ikkje det. Her er store oppgåver og store forbetringar som må gjerast dei kommande åra. Eg er glad for at regjeringa no vil satse mykje meir pengar i høve til Nasjonal Transportplan for å oppfylle målsetningane ein har.

Den langsiktige målsetninga er null drepne og hardt skadde i trafikken. Regjeringa startar med å halvere drepne og hardt skadde fram mot 2024.

– Her er sett klare mål, og ein har starta å løyve midlar til det, seier Lødemel.

Må analysere

Det var særskilt siste halvår av 2013 som skaut fart i dei dystre tala. Sidan juli har alle månadane utanom november hatt fleire drepne i trafikken enn året før.

Moe Gustavsen peikar på analysar av ulukker. Lødemel er samd i at dette er ei viktig prioritering.

– Det er klart at ein må sjå på dei ulukkene som har vore og sjå på ulukkespunkta som har vore om det trengst konkrete tiltak. Grundig analyse av dei ulukkene som har vore er viktig for å førebygge og gjere fysiske tiltak for å gjere vegane sikrare, meiner han.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.