Hopp til innhold

Vil ha fleire til å hoppe på ski

– Skihopping er for alle, uansett alder. Det er ikkje dyrt og farleg slik mange vil ha det til, seier Henning Sæthre. No vil han og dei andre i Sogn og Fjordane skikrins løfte fram igjen sporten.

Ungdoms-OL 2016

EI DALANDE INTERESSE FOR HOPP: Dette biletet er frå ungdoms-OL i 2016. No håpar Sogn og Fjordane skikrins at fleire ønsker å begynne med skihopping.

Foto: lillehammer2016.com

Henning Sæthre

HOPPAR HEILE ÅRET: – Dersom ein hoppar ein del om sommaren vert ein meir klar for vinteresessongen, seier Henning Sæthre.

Foto: Privat

– Skihopping på TV er ganske ekstrem. Men eigentleg er det ein ganske trygg sport med få skadar. Det er fleire skadar i fotball for å seie det slik, seier Henning Sæthre.

Han fortel at sporten har vorte tryggare dei siste 20 åra. Noko av grunnen er V-stilen. Det er også viktig å byrje tidleg.

– Du ser ikkje dei styggaste ulykkene lenger. Det er ein annan svevekurve enn for 20 år sidan, seie Sæthre.

Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.

DOKUEMTAR: Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brørne Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen. Foto/reporter: Sondre Dalaker, NRK

Nedgang i sporten

– Dei siste 10–15 åra har talet på aktive skihopparar dalt veldig mykje. Tidlegare var vi eit godt miljø og har fått fram nokre gode skihopparar, fortel Sæthre.

I vår vart han vald til ny leiar for hopp – og kombinertkomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins. Sæthre har sjølv skihopping som hobby.

– Det er vanskeleg å seie nøyaktig kva nedgangen skyldast. Men snøfattige vintrar og mykje jobbing med preparering av hoppbakkane kan spele inn. Dessutan krev det ein del frå foreldre, og ein må ha med foreldra for å få med ungane.

Skihopp2

DEI SOM HOPPAR: Alle desse er utøvarar som er aktive her i fylket. Biletet er frå SFE-cupen sist sommar.

Foto: Henning Sæthre

Rekrutteringssamlingar

– Skal vi behalde skisporten må ein ta litt tak sjølv. Skihopping er den tøffaste sporten som finst, seier han.

Søndag 9. juli vart det arrangert plasthopping i Bjørkelibakken på Fjelli i Stryn kommune.

– Oppmøtet var som forventa. Mellom 7 og 10 aktive skihopparar kom. Men eg det skulle gjerne ha vore fleire. Vi må få fram igjen skisporten i fylket.

Han trur gode skihopparar som Anders Fannemel har god innverknad.

– Det han fekk til var utruleg godt gjort. Han hadde ikkje optimale forhold. Mykje har blitt betre dei siste åra, seier han.

Skihopp

OM SOMMAREN: Dette bildet er frå plasthopping i Stryn.

Foto: Henning Sæthre

Kompetanse og utstyr

Han meiner nærmiljøa har mykje kompetanse å ta av.

– Fylket har mange gode trenarar. Blant anna Lorentz Fannemel som no er trenar i Trøndelag og Stig Morten Fredheim som er trenar for Lillehammer Hopp.

– Ein treng ikkje å ha eit hysteri om riktig utstyr. Sjølvsagt kostar det noko, men mykje godt utstyr finn ein brukt. Dessutan har klubbane mykje gratis utstyr ein kan få låne.

Skihopp 3

TØR DU? – Dei som vil byrje kan melde seg inn i ein lokal idrettsklubb med hoppgruppe. Elles har Sogn og Fjordane skikrins eigne heimesider. Vi vil prøve å hjelpe til så godt vi kan, seier Henning Sæthre.

Foto: Henning Sæthre