Hopp til innhold

Lokkar kvinnene til skytesporten med damedo og instruktørar

Skytesporten ønskjer å trekkje til seg fleire kvinner. I Leikanger skyttarlag er dei allereie godt i gong med rekrutteringa.

Leikanger Skyttarlag

SIKTAR PÅ MÅL: Leikanger Skyttarlag jobbar aktivt med å rekruttere fleire jenter til sporten sin.

Foto: Olav Skarsbø

– Dei klubbane som har klart å opprette eigne kvinnegrupper har lukkast veldig bra, fortel Lindis Græsdal, utviklingsansvarleg i Norges Skytterforbund.

For tre år sidan bestemte forbundet seg for å jobbe å få fleire kvinnelege medlemmer. På landsbasis er berre ein av ti kvinner, skriv Nærnett.no.

Lindis Græsdal

UTE PÅ JAKT: Lindis Græsdal.

Foto: Norges Skytterforbund

– Skyting er sett på som ein mannsidrett, og det kan difor kjenst på som litt vanskeleg å skulle etablere seg som jente, trur Græsdal.

I fjor lanserte forbundet kampanjen "Jenter i sentrum" der målet på sikt er å auke kvinnedelen med 10 prosent.

Eit anna fokus

Med støtteordningar og premiering av gode tiltak i klubbane, håper forbundet å sjå ein ytterlegare auke i året som kjem. Eit populært tiltak har vore å tilby instruktørar, ofte som eigne jentesamlingar i helgane.

– Damene har gjerne eit anna fokus. Medan mennene er interesserte i utstyr og våpen, er jentene opptekne av sjølve skytinga og få det til, seier Græsdal.

Elles går det mykje på reint praktiske ting som å få eiga jentegarderobe og jentetoalett, fortel Græsdal.

– Det går på å skape eit miljø som dei kan trivast i.

Godt nøgd

– Det er kanskje litt tilfeldig, men når du har først skapt ei miljø så trekk det til seg fleire, seier Olav Skarsbø i Leikanger Skyttarlag.

Det aktive skyttarlaget er tilknytt både Det frivillige skyttervesen og Norges Skytterforbund. Dei satsar friskt på rekruttering. Sist helg hadde dei til dømes ei fylkessamling med instruktør der 24 ungdommar deltok. Mange av deltakarane var jenter.

– Eg trur dei set pris på eit fagleg og sportsleg tilbod, seier Skarsbø.

Like føresetnader

Skyting er ein av få idrettar der kvinner og menn kan bli like gode, hevdar Græsdal.

– Det er ingen fysiske hindringar som i andre idrettar. Til dømes har det blitt opna for at ein kan konkurrere i same klasse med rifleskyting og damene slår gutane, hevdar ho.

Det kan Skarsbø i Leikanger Skyttarlag skrive under på.

– Våre beste skyttarar er jenter. I 2013 har vi ni skyttarar på det høgaste nivået som er klasse 5. Fire av desse er jenter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marianne Stigen

SKYT GODT: Marianne Stigen i Leikanger Skyttarlag hevdar seg med rifla.

Foto: Jørn Njøs

Vil bli prinsesse

25-årige Marianne Stigen er ei av dei som har hevda seg i Leikanger Skyttarlag. Sidan ho byrja med skyting for fem år sidan, har det kome fleire og fleire jenter inn i miljøet.

– Vi prøver å banke gutane og somme gonger gjer vi det også, men det tek dei med eit smil, ler Stigen.

Til trass for at skytesporten er likestilt, er det framleis prinsesse ho vil bli på det neste landsskyttarstevnet.

– Eg har kjempa om prinsessetittelen dei siste åra, så det hadde vore fint å få tak på den i år.