NRK Meny

Vil ha fleire kvinnelege leiarar

Politiet skal no jobbe for å få fleire kvinner i leiarstillingar. I Vest politidistrikt var delen kvinner i leiarstillingar 26 prosent ved nyttår, det opplyser politimeister Kaare Songstad til Bergens Tidende. Innan 1. juni skal han ha klar ein lokal plan for korleis politiet i Vest skal få fleire kvinner inn i leiarstillingar. Mangfaldskontakt i Politiets Fellesforbund på Vestlandet, Margrete Vaage, seier til BT at ho saknar fleire kvinner i leiinga i Vest politidistrikt.