Hopp til innhold

Vil ha fleire gjestepasientar

- Gjestepasientar kan vere med å betre økonomien i Helse Førde, seier styremedlem i Helse Vest, Gunvor Sunde.

Korridorpasient
Foto: Heiko Junge / Scanpix

Gunvor Sunde meiner ledig kapasitet mange stader i Helse Førde kan fyllast opp med pasientar utanfrå.

Oppretthalde eit godt tilbod

Sunde trur gjestepasientar vil gjere sjansen større for å oppretthalde spesialisttilboda i fylket.

- Med fleire pasientar aukar sjansen for behalde helsetilboda. Og vi må behalde desse spesialisttilboda, elles har ikkje vi same tilbodet som i resten av landet.

Gjennom styrevervet i Helse Vest håpar Sunde å klare å skape forståing for at Sogn og Fjordane slit både med rekruttering og med busetnad.

 - Ingen god idè

Hans Johan Breidablik, fagdirektør i Helse Førde, tykkjer lite om ideèn frå Sunde.

- Det viser seg stort sett at det er lite å tene på å handsame pasientar.

Breidablik trur heller Helse Førde må satse på å behalde dei pasientane som allereie er der.

- Helse Førde har fått så mykje negativ omtale dei siste åra at ein heller må fokusere på pasientane som reiser ut av fylket. Å unngå pasientlekkasjar er viktigare enn å rekruttere nye pasientar.