NRK Meny

Vil ha fleire arbeidsplassar

Nordfjordrådet krev at regjeringa og Stortinget legg langt fleire statlege arbeidsplassar enn i dag, til Nordfjord. Det går fram av eit utkast til fråsegn frå rådet. Nordfjordrådet meiner det er eit rimeleg mål at talet på statlege arbeidsplassar i regionen blir auka frå 200 til om lag 750. Nordfjordrådet krev at Sogn og Fjordane fylkeskommune også stiller seg bak eit slikt krav. I brevet skriv dei at Nordfjord er grovt underrepresentert når det gjeld statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø.