Hopp til innhold

Vil ha fleire alternativ

Stemmesetelen bør ha tre svaralternativ, ikkje berre to. Det seier Johan Kroken på Flatraket i Selje til Fjordenes Tidende. Selje, Vågsøy og Vanylven har vedteke ein intensjonsavtale om samanslåing, og Selje og Vanylven skal ha folkerøysting om reforma 25. april. Kroken peikar på at innbyggjarane berre kan krysse av for om dei vil kommunen skal stå åleine, eller om dei tre kommunane skal slå seg saman. Han ønskjer eit tredje alternativ, der innbyggjarane kan stemme for at berre Selje og Vågsøy skal bli ein kommune.