Hopp til innhold

Vil ha Fiskerimuseet på beina

Styret i Fiskerimuseet i Måløy har no inngått ein intensjonsavtale om kjøp av to etasjar i Framsteg-huset i Måløy, skriv Fjordenes Tidende. Eigentleg ønskte styret eit større lokale, men styreleiar Kåre Furnes seier dei ikkje lenger kan dryge, og at Framsteg-huset er alternativet som raskast kan bli realisert. Planen er å flytte inn neste sommar.