No krev den erfarne fiskaren og elveeigaren at Statens naturoppsyn firedoblar kontrollane for å stoppe tjuvfisket som ifølgje staten har auka monaleg dei siste åra.
I elva Nausta i Naustdal har elveeigarane dei siste åra investert nesten ein halv million kroner for å gjera gyte- og oppvekstforholda betre for laks og sjøaure og fleire investeringar står på trappene.
Men mykje av fisken som i framtida skulle svømt opp her, kjem aldri lenger enn til eit ulovleg garn ute i Førdefjorden.
– Me har strenge kvotar, og sportsfiskarane deler synet på at me må ta vare på villaksen. Det er noko dei som driv dette egoistfisket, som eg kallar det, totalt ser vekk ifrå, seier Erdal.
– Elvane kan bli tomme
Det er Statens naturoppsyn, i lag med politiet, kystvakta og fiskeridirektoratet, som har ansvaret for å kontrollera kysten og fjordane. Men fylket er stort, og sjølv om SNO har ein båt ute på tokt nesten kvar dag frå vår til haust, meiner Erdal tilsynet burde vore firedobla.
– SNO her i fylket gjer så godt dei kan med dei avgrensa ressursane dei har fått, men dei burde hatt fire heiltidsstillingar til fiskeoppsyn. Om ikkje SNO får meir midlar, kan ein risikera at store delar av innsiget blir teke ulovleg, som igjen kan gjera at elvane blir nesten tomme for fisk slik at det må stengast, seier han.
SNO: – Urealistisk
Så langt i år har naturoppsynet beslaglagd tolv garn i Sogn og Fjordane med den eine båten som går på tokt nesten dagleg. Men å setja inn fleire fire heiltidsstillingar i fylket er urealistisk, meiner direktør i Statens naturoppsyn, Per Prestrud.
– I alle fall slik situasjonen ser ut no. Me har ikkje ekstra ressursar å setja inn på dette, og eg tvilar på at staten vil avsjå meir ressursar til å driva denne typen oppsyn, seier Prestrud.
SNO har 12 store båtar langs norskekysten som jaktar på ulovlege garn. Men kysten er lang, med mange fjordar, holmar, nes, skjær og andre stader ein kan gøyma vekk garn.
– Det som kan vera ein meir realistisk moglegheit er å auka bøtenivået og straffereaksjonane, og det er ein dialog me har med politiet kontinuerleg, held Prestrud fram.
Betalte eige oppsyn
Elveeigarlaga til dei fire elvane i Sunnfjord, Nausta, Gaula, Jølstra og Ytre Hyen, brukte i fjor om lag 100.000 kroner på ein eigen oppsynsmann for å kontrollera Førdefjorden.
Dei søkte om, og fekk, avgrensa politimynde, slik at dei kunne gjera beslag i dei ulovlege garna dei fann.
– Me gjorde det fordi me såg at SNO hadde for små ressursar, og ynskte å bidra på den måten, seier Erdal.
- Les også:
- Les også: