Vil ha fire veker fengsling

Politiadvokat Kristine Bu seier at mannen som er sikta for å ha stått bak 16 innbrot på Vestlandet, i første omgang bør få fire veker fengsel med brev- og besøksforbod. Forsvarar Lene Knapstad meiner at to veker er nok. Politiet meiner at dei har elektroniske spor som syner at mannen har vore i nærleiken av innbrota. – Men han har forklaringar på sine bevegelsar i området, seier forsvarar Knapstad.

Kristine Bu
Foto: Oddleif Løset / NRK